Bjarte Sindre fødd 1936 i Kinn. Lektor, forfattar og lokalhistorikar. Rektor ved Flora v.g. skule 1980–1999.
Redaktør av jubileumsboka for Florø Turn og Idrettsforening, medredaktør av «I Ramnens skugge» (om Kinna–spelet), og har skrive ei mengd lokalhistoriske artiklar i ulike publikasjonar.
Sindre gav i 2010 ut dei to første bøkene i romanserien "Odins smykke" (Selja Forlag), med handling frå vikingtida.
Sindre har vore leiar i Sogn og Fjordane Skrivelag og aktiv i Kringkastingsringen sitt arbeid for skiping av lokalradioar i Sogn og Fjordane.
Tildelt kulturprisen til Flora kommune i 2011.
Far til Guttorm Sindre.