Fossetunet med Danielsens Hotell før hotellet vart rive i 1971. Foto: Leiv Bergum.
Danielsens Hotell vart starta i 1891 av Daniel Danielsen og var eit framhald av gjestgiveriet som låg på Nytappen/Fossetunet i Sogndalsfjøra. Her hadde det vore gjestgiveri og handel heilt sidan kring 1700 - sjå: To gjestgiveri i Sogndalsfjøra. Her hadde kremmaren «Jens på Nytappen» drive gjestgiveri.
Ein av dei mektige handelsmennene som hadde regjert på Nytappen var Jens Andreas Foss (1799-ca.1854) som m.a. hadde vore ein av skiparane av Sogndal Sparebank i 1841.
Gjestgiveriet på Fossetunet i 1860.
©Fylkesarkivet.
Kom frå Nordfjord
Daniel Danielsen kom frå Bryggja i Nordfjord, der Lem-slekta frå Frønningen hadde ei grein. Danielsen gifta seg med ei syster til lensmannen i Sogndal, Nils Landmark Lem (sjå denne)og flytta dit. Danielsen kjøpte den gamle handelshuset på Nytappen og starta hotell med 10 senger.
Danielsen kjøpte den gamle bygningen i Fossetunet og starta hotell med 10 senger. Dette må ha vore kring 1890. Hotellet var då eit vakkert hus på to etasjar og med høgt, valma pannetak - svært likt den kjende sorenskrivargarden på Loftesnes.
Danielsens Hotell i 1950. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Billett for å sjå på «dampen» i Sogndal
I tillegg til hotelldrifta, var Daniel Danielsen dampskipsekspeditør og handelsmann, og i 1893 bygde han det første meieriet i Sogndal - sjå: Meierihistoria i Sogndal. Folk som ville ned på kaia for å glo på «dampen» måtte løyse ei avgift på fem øre for å sleppe gjennom den låsta grinda som Danielsen hadde bygt i kaibakken!
Storfine gjester
Mellom dei som tok inn på hotellet, var lordar og hertugar som fiska laks i Årøy. Her budde også indiske maharajaer, hertugen av Windsor og Bjørnstjerne Bjørnson.
Slekta overtek
I 1909 fekk Daniel Danielsen hjelp av syskenbarnet Oscar Danielsen frå Bergen. Han gifta seg med kjøpmannsdottera Berta Olsen, og då grunnleggjaren døydde i 1921, overtok dei både hotellet og dei andre verksemdene. Oscar døydde i 1944, og Berta dreiv åleine fram til 1964, då dottera Anne Margrete Olsen og hennar ektemake Magne Hovland overtok. I 1971 vart Danielsen Hotell rive for å gje plass til A/S Forretningsbygg.