Eid



Fakta om Eid
Areal: 468 km².
Folketal: 5920 (1.1. 2013)
Høgste fjell: Glittereggja 1297 m.o.h.
Djupaste innsjø: Hornindalsvatnet er Europas djupaste innsjø med 514 meter – d.v.s. at 462 meter ligg under havoverflata.
Ordførar: Alfred Bjørlo, Venstre.
Tettstader: Nordfjordeid (kommunesenter), Stårheim, Kjølsdalen.

Eid kommune ligg sentralt midt i Nordfjord. Difor har fleire fellesfunksjonar som sjukehus, sorenskrivar, vegkontor og jordbruksretta foredlingsindustri vorte plasserte på Nordfjordeid.

Fram til midten av 1970-åra var Nordfjordeid eitt av dei viktigaste skulesentra i fylket med både amtsskule, gymnas og ein stor handelsskule. I Holmøyane starta ein 27 år gamal bonde den første snikkarskulen i Skandinavia i 1858.

På den gamle storgarden Myklebust fann ein for 100 år sidan nokre av dei rikaste gravfunna som er gjort frå norrøn tid på Vestlandet. I mellomalderen budde den mektige Stårheimsætta, med dronning Ingerid og baglarbispen Nikolaus Arnesson, på Stårheim.

Nordfjordeid har gjennom dei siste tiåra utvikla seg til eit sterkt handelssenter og eit aktivt kultursenter der ikkje minst nyskapinga Opera Nordfjord har vekt merksemd langt ut over fylkesgrensene.

Den årlege fjordhestutstillinga har i over 120 år sett sitt preg på Nordfjordeid. Vi ser hingsten Perakrossen som vart kåra til spiss på utstillinga i 2007. Foto: Hildegunn Løken, Fjordenes Tidende.

Den årlege fjordhestutstillinga har i over 120 år sett sitt preg på Nordfjordeid. Vi ser hingsten Perakrossen som vart kåra til spiss på utstillinga i 2007. Foto: Hildegunn Løken, Fjordenes Tidende.