Eilivane i Naustdal

Eiliv frå Naustdal, slik illustratøren Bernt Kristiansen tenkjer seg at han såg ut.

Eiliv frå Naustdal, slik illustratøren Bernt Kristiansen tenkjer seg at han såg ut.

Nokre av dei mektigaste adelsmennene på Vestlandet i mellomalderen var dei tre Eilivane frå Naustdalsætta. Den første av dei var lendmann. Det har lenge rådd uvisse i fagkrinsar om Naustdalsætta hadde hovudsete på garden Naustdal i Eid kommune i Nordfjord, eller i Naustdal i Sunnfjord. - Dei fleste hellar til at ætta budde i Sunnfjord.

Historikaren Frode Hervik drøftar denne uvissa i boka ”Dronning Ingerid og bisp Nikolas” (Selja Forlag 2007). Han meiner at det er svært lite sannsynleg at ætta har hatt hovudsete på Naustdal i Nordfjord, for der ville ættegarden i tilfelle vere omkransa av jordegods som høyrde til den mektige Stårheimsætta som hadde hovudsetet sitt i nabobygda. Seinare kom baron Audun Hugleikson sitt gods i Nordfjord tett innpå, og på garden Løken like over elva ved Naustdal sat i tillegg ein lagmann som heitte Einride Simonsson. Det ville kort og godt ikkje vere plass til ei jordmektig ”Naustdalsætt” i denne delen av Nordfjord på den tida, konkluderer Frode Hervik. Difor meiner han at setet for Naustdalsætta må ha vore Naustdal i Sunnfjord.

Den gamle steinkyrkja i Naustdal. Teikning av J. Stolz i 1875.

Den gamle steinkyrkja i Naustdal. Teikning av J. Stolz i 1875.

Privat kyrkje

Eit anna synleg prov på at det har budd ei mektig stormannsætt i Naustdal i høgmellomalderen, var den store steinkyrkja som var reist ”midt i tunet” på storgarden Naustdal, og som det no berre er ein korboge att av. Hervik peikar elles på at seinare eigedomsforhold i Fjordane på 1600-talet også talar for at Naustdalsætta heldt til i Sunnfjord, og ikkje i Nordfjord.

Adelsmenn i Naustdal

I Naustdalsætta var det tre menn etter kvarandre som heitte Eiliv. Dei er omtala i dokument og skrifter på 1200- og 1300-talet. Den første av dei tre Eiliv’ane var lendmann: I 1263 var Eiliv frå Naustdal med kong Håkon Håkonson til Skottland for å hevde norske rettar der, og i 1276 var han med kong Magnus på hærferd til svenskegrensa. Året etter vart denne første Eiliv’en av ukjend grunn drepen. Men segna vil ha det til at han miste livet etter ei trette med baron Audun Hugleikson frå Jølster.

Våpenskjoldet til Eilivane (utsnitt).

Våpenskjoldet til Eilivane (utsnitt).

Sonen, Eiliv Eilivson, vart riddar. I 1309 fylgde han kong Håkon Magnusson til Danmark der Håkon skreiv under fredspakt med danskane. I 1319 var Eiliv Eilivsson til stades då avtalen om at Magnus skulle vere konge over svenskane vart underteikna. Den tredje Eiliv frå Naustdal vart også riddar, og i 1347 overtala han kong Magnus tilå søkje paven om å få gifte seg med Gyrid, som han var i slekt med. Denne tredje Eiliv var medlem av riksrådet. Både han og kona Gyrid drukna i 1358, og med dette ser det ut til at stordomstida til denne slekta ute.

Kyrkjegods og krungods

Eiliv’ane hadde store jordeigedomar over heile landet, og mykje av dette godset selde dottera til Eliv 3. og Gyrid, Margretha, då foreldra drukna. Ho sjølv døydde barnlaus i 1424 eller 1425, og det er mykje truleg at den mektige ætta difor døydde ut med henne. I seinmellomalderen vart Naustdalsgodset - heilt eller delvis - gjeve som gåve til domkyrkja i Bergen. I 1590 vert det difor omtala som stiftsgods. På 1600-talet var hovudgarden Naustdal og ei mengd gardar oppover dalen såkalla krungods etter at den dansk-norske kongen ved reformasjonen på 1500-talet hadde kverrsett mest alt kyrkje- og klostergods i dei to landa som han var einevaldsherskar over.

Over til Svanøygodset

Men danskekongen førde støtt kostbare krigar, og ein av dei som han måtte låne pengar av, var Hans Svane, erkebiskop i København. I 1662 fekk Hans Svane store jordeigedomar i Sunnfjord av kongen som betaling for ein del av gjelda, og dette var opphavet til Svanøygodset som fekk hovudsetet sitt på øya Bru. Det var enkja etter bispen som døypte Bru om til Svanøy etter mannen, og ho fekk samstundes gjort godset om til adeleg setegard. - Les meir om utbreiinga av Svanøy-godset, futetida på Svanøy og birkeretten som fylgde med godset i eigne artiklar under Flora kommune.

Konkurs og tvangsauksjon på Svanøy

Då ein seinare eigar av Svanøygodset, Severin Seehusen de Svanenhielm, gjekk konkurs i 1724, gjekk Svanøygodset på auksjon og vart delt opp i mindre einingar. Mange gardbrukarar i Sunnfjord såg då sitt snitt til å verte sjølveigarar. I Naustdal gjekk såleis 110 gardar – eller 2/3 av gardane i bygda - under hammaren. Av desse vart 81 gardar kjøpte av gardbrukarane – d.v.s. dei leiglendingane som budde og dreiv garden mot å betale bygselavgift til jorddrotten. Naustdals-gardane nede ved sjøen, det som utgjer sentrum i dag, vart selde til ei enkje etter brukaren på bnr. 1, Pernille Persdotter, og svigersonen hennar, Rasmus Gunnarsson, som var brukar på bnr. 4. Det meste av den tidlegare storgarden Naustdal vart verande i deira slekt det meste av 1700-talet.

Denne garden like ved Naustdal sentrum var ein del av dei store landområda Eilivane eigde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne garden like ved Naustdal sentrum var ein del av dei store landområda Eilivane eigde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.