Ekornes Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK
Elegante Møbler A/S med Jakob Hanken frå Vegsund ved Ålesund som eigar, etablerte seg i industriutleigebygget på Grodås i 1974. I det same bygget heldt Tekno Fabrikker A/S.
Ekornes Grodås
I 1976 trekte Hanken seg ut av engasjementet sitt i Hornindal, og Ekornes-gruppa tok over med underavdelinga Ekornes Grodås AS, der det blir laga delar til Ekornes-møblar. Ekornes har sidan utvida med eigne fabrikkbygg og lager på Grodås.
Frå produksjonen på Ekornes Grodås. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.
I 2004 hadde verksemda 94 tilsette, og investerte same året 21 millionar kroner i ny produksjonshall. Ekornes er den klart største arbeidsplassen i kommunen.
Dei siste åra har verksemda satsa mykje på robotar i produksjonen for å stå imot konkurransen frå lågkostland. I 2012 vart produksjonshallen utvida.
Robotar har etter kvart teke over mange av arbeidsoppgåvene. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.