Endre Offerdal.
Endre Offerdal (1832-1919) frå Offerdal. Skogbrukar, sagbrukseigar og politikar. Han eigde mykje skog og dreiv stort sagbruk i Ofredal, der det i sesongane kunne arbeide sju mann.
Han starta i 1855 skogsdrift med fire mann i den avsides Vettismorki, og dreiv der til 1890. Endre eigde tre jekter som han m.a. brukte til føring av skurlast til Bergen.
Endre Offerdal var første ordføraren i Årdal då kommunen vart skild frå Lærdal i 1860. Han var vararepresentant til Stortinget 1871-1873 og 1874-1876.