| | |
| Fakta om Førde | |
|---|---|
| Areal: 590 km². | |
| Folketal: 12207(1.1. 2011) | |
| Høgste fjell: Grovabreen 1636 m.o.h. | |
| Ordførar: Olve Grotle, Høgre. | |
| Tettstader: Førde, by frå 1997. 7970 innb. | |
Førde er fylkessenter i Sogn og Fjordane og største kommunen i fylket. Førde vart by i 1997. Byen har størst varehandel pr. innbyggjar i heile landet, og sentrum er prega av store varehus. Kommunen vart peika ut som vekstsenter av Staten i 1965 og fekk stor hjelp til etablering av industri og kulturtilbod, som t.d.
Førdehuset, Sogn og Fjordane Teater og NRK Sogn og Fjordane. Etter bitter strid vart sentralsjukehuset for fylket bygt i Førde i 1979. I 15 år hadde Førde ein flyplass med rutetrafikk midt i industriområdet på Øyrane.
Kring kyrkja står framleis gamle embetsmannsgardar for offiserar, sorenskrivar og prest, og på Bruland budde futen. I dag held store, statlege institusjonar som NVE Region vest og Lotteri- og Stiftelsestilsynet til i Førde.
Førde er handels- og kommunikasjonssenteret i Sogn og Fjordane. Her blir ei 130 meter høg mast for digitale TV-signal montert på Hafstadfjellet i september 2007. Foto: Cosmin Cosma, NRK.