Fange i den amerikanske borgarkrigen

Fangelerien Andersonville i Georgia, teikna av John L. Ransom.

Fangelerien Andersonville i Georgia, teikna av John L. Ransom.

Under den amerikanske borgarkrigen vart mange metodar tekne i bruk for å rekruttere soldatar. På denne plakaten lova byen Primrose 170 dollar til dei som melde seg.

Under den amerikanske borgarkrigen vart mange metodar tekne i bruk for å rekruttere soldatar. På denne plakaten lova byen Primrose 170 dollar til dei som melde seg.

Ein reknar med at 6000 utvandra nordmenn deltok i den amerikanske borgarkrigen 1861-1865. Over 500 av desse kom frå Sogn og Fjordane. Nokre få einskildhistlorier er kjende: Endre (Andrew) Pedersen Gjerde frå Leikanger var ein av i alt 120 norske utvandrarar som hamna i den illgjetne krigsfangeleiren Andersonville i Georgia. Gjerde hadde busett seg i Deerfield, Dane Conty i Wisconsin. Han vart teken til fange ved New Hope Church den 27. mai 1864 og døydde i Andersonville-leiren den 18. juni 1865.

Også to andre sogningar sat i Andersonville: Ole Olson Bjørke (Burke) frå La Crosse. Han vart teken til fange den 20. desember 1863 og døydde i leiren 11. juni 1864. John E. Lerum (f. 1842) frå Luster var ein av dei få nordmennene som overlevde tida i krigsfangeleiren i Georgia.

Frå Aurland kommune kjenner ein til Atle Andersson Flåm (1838-1889) som verva seg som sersjant i nordstatshæren og vart teken til fange i 1865 – heilt på sluten av krigen. Også Sjur Eilivsson Geithus (1835-1864) vart teken til fange og døydde i ein av fangeleirane i sørstatane.