Stabben fyr utanfor Florø. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Farvatna kring Florø er kjende som ei paddemark med båar og grunnbrot. Dette førte til mange havari i dei rike sildeåra midt på 1800-talet. For å gjere ferdsla tryggare for fiskarane, prioriterte staten bygging av bemanna fiskerifyr i ytre Sunnfjord.
Kinnesund fyr
Flora (1867), i 1913 erstatta av fyrlykt.
Kinnesund fyr. Foto frå boka ”Norges fyr”, utlånt av Hans Hansen.
Stabben fyr
Flora (1867), i 1975 automatisert og avfolka.
Smørhavn fyr
Bremanger (1871), i 1936 nedlagt og avfolka og erstatta med fyrlykt.
Ytterøyane fyr
Flora (1881), vart automatisert i 2004. Ytterøyane fyr var saman med Utvær fyr i Solund dei to siste fyra i Sør-Noreg som vart automatiserte.
Ytterøyane fyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Rauøy fyr
Askvoll (1891), i 1932 erstatta av fyrlykter.
Geita fyr
Askvoll (1897), automatisert 1980, avfolka 1982.
Kvanhovden fyr
Flora (1895), i 1980 automatisert og avfolka.
Kvanhovden fyr. Teikning frå boka Norske fyr.