| | |
| Fakta om Fjaler | |
|---|---|
| Areal: 418 km² | |
| Folketal: 2871 (1.1. 2013) | |
| Høgste fjell: Skredfjellet 812 m.o.h. | |
| Ordførar: Arve Helle, Arbeidarpartiet | |
| Tettstader: Dale, kommunesenter | |
Bygdene i Fjaler var i lang tid administrasjonssete for både fut og sorenskrivar, og på storgarden Tysse rådde i eldre tider gåverike og mektige medlemer av Landmark-slekta.
Her slo også den første distriktslegen i Sunnfjord seg ned. I Hellevik budde folk frå dei rikaste slektene i fylket. I Dale produserte dei Jarl-sko og sildetønner i tusental, og på Straumsnes skapte brørne Åsnes eit lite skieventyr.
Rehabiliteringssenteret på Haugland er ein sentral institusjon i helserøkta på Vestlandet. United World College i Flekke og Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen er nye og viktige kulturberarar, og Fjaler-diktaren Jakob Sande har gjort landskap og lynne kring Dalsfjorden til folkeeige for heile nasjonen.
Dale sentrum og Dalsfjorden med Laukelandsfossen på andre sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.