Florø Bys Vel

Parkanlegget ved Florø kyrkje. Florø Bys Vel var med på å få opparbeidd dette. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Parkanlegget ved Florø kyrkje. Florø Bys Vel var med på å få opparbeidd dette. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø Bys Vel vart skipa i 1934 etter opptak frå apotekar Lars Trovik.

Foreninga arbeidde m.a. for å få parkanlegg i sentrum og kring kyrkja. Laget fekk også skipa ein eigen turistkomité som skulle marknadsføre Florø som reisemål i danske og svenske tidsskrift som «Florø – Norges vestligste by». Vel-foreninga stod sentralt i arbeidet då det vart skipa til ei stor utstilling i samband med 100-årsjubileet for byen i 1960.