Flora



Fakta om Flora
Areal: 693 km.²
Folketal: 11588 (1.1. 2011).
Høgste fjell: Ålfotbreen 1379 m.o.h. Den mest særmerkte fjellformasjonen er Kinnaklova.
Ordførar: Bengt Solheim-Olsen, Høgre.
Tettstader: Florø by (7028 innb), Eikefjord, Stavang.

Flora var fram til 2006 den folkerikaste kommunen i Sogn og Fjordane. Florø var i nærmare 140 år den einaste byen i fylket. I eit halvt hundreår har det store skipsverftet vore berebjelken i Florø-samfunnet. Frå midten av 1980-talet har Florø vore "oljebyen", med fylket sin einaste oljebase på Botnaneset.

Florø by vart grunnlagt i 1860 og var senter for eventyrlege sildefiskeri både på 1800-talet og i 1950-åra. I dei siste åra har fiskeoppdrett vorte ei stor næring i kommunen.

Adelsgarden på Svanøy var senter for mektige futar og fromme haugianarar, i dag senter for spennande forsking på fisk og hjort. Kinna-kyrkja, med sitt mystiske opphav ute mot storhavet, dannar bakgrunn for det årvisse "Kinnaspelet". Under andre verdskrigen var Florø eit viktig støttepunkt for den tyske okkupasjonsmakta.

Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø. Foto: Arne Stubhaug, NRK.