Frederik Balthazar Fraas (Hillestad) (1849-1913) frå Solvorn. Bonde og politikar Moderate Venstre/Høgre.
Arbeidde nokre år som fehandlar før han overtok farsgarden Bjørnetun i 1885, og bytte den mot Hillestad i 1888. Han selde i 1900 og flytta først til Oslo, deretter til ein gard han kjøpte i Ullensaker. Også den selde han og kjøpte garden Hovin i Østre Aker.
Fredrik Fraas vart ein av leiarane i lekmannsrørsla i Sogn. Var m.a. banksjef, medlem i kommunestyret i Hafslo 1884-1913, og var medlem av jordbruksskulestyret i fylket. Vararepresentant til Stortinget 1889-1891, og fast representant 1892-1894, 1895-1897 og 1898-1900.