Fresvik Produkt. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Fresvik Produkt AS vart starta i 1980 av Botolv Hov. Verksemda har gjort stor suksess med produksjon av isolasjonslement til kjølerom. Fabrikken har m.a. industri, storkjøkken og oljeverksemda i Nordsjøen som kundar.
Botolv Hov var bærdyrkar, og bygde i 1958 sitt eige private fryseri. Bæra selde han til Mor Monsen-fabrikken i Bergen. Gjennom denne verksemda fekk han interessa for å starte produksjon av isolasjonselement til kjølerom. Han produserte først på lisens frå eit engelsk selskap, men braut etter ei tid og dreiv vidare etter eigne konsept.
Verksemda i Fresvik har hatt stor omsetning og svært god lønsemd. Den starta med fire tilsette, og har utvida i fleire etappar. I 2002 har verksemda eit produksjonsareal på kring 10.000 kvadratmeter, 50 tilsette og ei årsomsetning på kring 50 millionar kroner.
Hausten 1989 gjorde ein flaum i Fresvikelvi stor skade på fabrikken, samstundes som idrettsbana lengre oppe i bygda vart mykje øydelagd.