Frelsestempelet i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Den første kjende frikyrkjelyden i Sogn og Fjordane vart skipa i Vik av metodistpresten Sjur Ulness.
Sjur heitte opphaveleg Ølnes og kom frå Sogndal, men hadde vore ein tur i Amerika, og skreiv difor om etternamnet til Ulness. Då han vende tilbake til Noreg ca. 1890, bygde han først frikyrkje-huset «Sion» i Sogndal i 1893. Dette var det første «frikyrkjehuset» i fylket. I 1892 starta han bladet «Ildtungen», som i 1900 skifta namn til «Sandhed og frihed» og gjekk til 1916.
Ulness slo seg ned i Vik i 1893, der han skipa ”Vikørens frie evangeliske menighed” og bygde kyrkja "Ebenezer" i 1895.Han gjekk seinare over til baptistane (nydøyparane), og hadde i 1910 35 medlemer i kyrkjelyden sin.
Bernhard Olsen (til høgre) og sonen Alfred i frelsesarméuniformer. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.
Ulness vart ein leiande mann innan frikyrkja i Noreg, og gav ut fleire kyrkjelydsblad. I Vik skapte den spesielle og karismatiske mannen mykje uro og strid i kristenlivet i den tida han budde i bygda. Det vekte m.a. åtgaum at dei praktiserte vaksendåp i sjøen ved naustrekkja på Vikøyri.
Då Ulness flytta til Oslo i 1913, leigde Frelsesarméen huset deira i Vik og starta verksemd i bygda. Utanom Vik er det berre i Florø og Måløy at Frelsesarmeen har hatt faste lokale i Sogn og Fjordane. Frå Vik opererte dei fire soldatane frå Leikanger og vestover. I 1938 kjøpte Frelsesarmeen huset etter frikyrkja, og i 1963 flytta dei inn i «Frelsestempelet» på Vikøyri.
Juniorsoldatar i Frelsesarmeen rundt 1950. Framme frå venstre: Hjørdis Svendsen, Kristin Svendsen, Gunvor Johnsen, Edith Lilleøren og Tordis Vårland. Bak: Gjertrud Grov, Reidar Fedje, Guttorm Christensen, Magnar Svendsen og Margit Atterås. Bak til venstre står kaptein Gerda Terjesen og til høgre løytnant Fredhøy. Foto frå Pridlao. Ukjend fotograf. Eigar: Marie Christensen/Vik lokalhistoriske arkiv.