Gaular



Fakta om Gaular
Areal: 579 km²
Folketal: 2923 (1.1. 2013)
Høgste fjell: Skarfjellet og Geitebotnfjellet mot Balestrand, begge 1354 m.o.h.
Ordførar: Mathias Råheim, Høgre.
Tettstader: Sande (kommunesenter), Bygstad, Viken i Viksdalen.

Gaular kommune er prega - både geografisk og politisk - av elva som har gjeve kommunen namn. Det sju mil lange Gaularvassdraget har skapt liv og næring i dalføret, men også vore opphav til ein av dei hardaste kampane om vassdragsvern i Noreg. Vernevedtaket frå 1993 er framleis omstridd i kommunen.

Gaula er og ei ettertrakta lakseelv. Gaular er også kjend for den tradisjonsrike tønneindustrien, og Viksdalsmåling er eit kjent omgrep i norsk husflid.

Frå Bringeland vert eitt av Skandinavias største helikopterselskap, Airlift, styrt. Der ligg og Førde Lufthamn. På Osen gard er det gjort rike oldfunn som kastar nytt lys over norsk bronsealder.

Du kan og lese om eitt av dei mest kjende justismorda i landet, Hetlesaka.

Storehesten er ein fjelltopp som er synleg frå store delar av Sunnfjord. No har toppen fått sitt eige motbakkeløp. Vi ser og Bygstad under Storehesten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Storehesten er ein fjelltopp som er synleg frå store delar av Sunnfjord. No har toppen fått sitt eige motbakkeløp. Vi ser og Bygstad under Storehesten. Foto: Ottar Starheim, NRK.