Gloppen



Fakta om Gloppen
Areal: 1022 km²
Folketal: 5676 (1.1. 2013)
Høgste fjell: Snønipa 1827 m.o.h.
Ordførar: Anders Ryssdal, Senterpartiet
Tettstader: Sandane, kommunesenter, 2080 innb., Re, Byrkjelo, Straume i Hyen

Gloppen er den største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane og står for over 10 prosent av mjølkeproduksjonen i fylket. På Breim ligg det store sentralmeieriet, og mykje av industrien i kommunen har vorte skapt på grunnlag av lokale jordbruksprodukt. Kommunen er senter for pelsdyrproduksjonen i landsdelen.

I Hyen har brørne Bertel og Olav Aa skapt eit båtbyggeri som har utvikla avanserte luftputebåtar og katamaranar, og Arne Henden på Sandane bygde frå 1960-talet opp eitt av Vestlandets største småflyselskap.

Sandane har sidan tidleg på 1920-talet då Firda Gymnas vart skipa vore eit viktig skulesenter, og både på friidrettsbana og i skiløypene har ungdom frå Gloppen markert seg på høgt internasjonalt nivå, ikkje minst Odd-Bjørn Hjelmeset, som har teke VM-gull på 50 km langrenn.

Utsyn frå Vereide over Gloppefjorden mot Sørstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utsyn frå Vereide over Gloppefjorden mot Sørstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.