Guddal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Guddal kyrkje vart bygd i 1870. Arkitekten er ukjend. Byggmeister var John Alver.
Altartavle er måla av Johannes Ludvig Losing, preikestol og døypefont frå byggjeåret. I kyrkja finst ein trearma lysestake frå 1720, to lysestakar truleg frå 1686, og dåpsfat frå 1787. Det øvrige inventaret er frå byggjeåret eller seinare. Utanfor kyrkja står tre steinkrossar frå mellomalderen.
Frå ei brurvigsle i Guddal kyrkje i 1957. Det er Oddlaug Holten Nøtsund og Asmund Lindelid som blir vigde. Foto: Karl Hatlebrekke. © Fylkesarkivet.
Gamlekyrkja i Guddal frå 1686. Blyantteikning av David O. Bakke.
Stavkyrkje til 1600-talet
I Guddalen stod det i mellomalderen ei stavkyrkje som truleg vart riven på 1600-talet. I 1686 vart det bygd ny kyrkje, og denne kyrkja vart «innkledd» i den noverande då denne vart bygd i 1870. M.a. skal det vere rosemåling på det gamle tømmeret som no er dekt med panel.
Kyrkjetømmeret flytta
Den kjende vandresegna om kyrkjetømmeret som vart flytta, finn vi også i Guddal: Her skulle ny kyrkje byggast på garden Guddal, men vart natta før byggearbeidet skulle starte, på uforklarleg vis flytta over til Engja, der kyrkja vart reist.
Steinkrossane ved kyrkjegardsmuren. Foto: Ottar Starheim, NRK.