Gulen

Fakta om Gulen
Areal: 596 km².
Folketal: 2305 (1.1. 2013).
Høgste fjell: Svafjell 877 m.o.h..
Ordførar: Hallvard Oppedal, Senterpartiet.
Tettstader: Eivindvik, kommunesenter.

Gulen kommune er ein av dei fremste oppdrettskommunane i Sogn og Fjordane. Her er livskraftig sementvareindustri. Nærleiken til oljehamna på Mongstad har positive ringverknader for næringslivet, men har og skapt dramatikk og helseplager.

I 2007 eksploderte ein tank i Sløvåg. Ingen kom til skade i eksplosjonen, men mange innbyggjarar fekk langvarige helseplager etterpå. I Gulen låg Noregs første domstol - Gulatinget - der dei første kjende lovene i Norden vart til for over 1000 år sidan, og difor er tusenårsstaden for Sogn og Fjordane plassert der.

I Eivindvik gjorde potetpresten Niels Griis Alstrup_Dahl ”Brød af Steen og Aand af Striler” Han kjøpte mellom anna opp lokale skjenkestover i kampen mot fylla. Nasjonalskalden Henrik Wergeland ættar frå Gulen.

Les og om den gamle handelsstaden Skjerjehamn som har fått nytt liv.

Dette biletet fortel ein del om det som er typisk for Gulen, ein kommune som er samansett av mange øyar, og der oppdrett er blitt ei viktig næring. Vi ser Mjåsundet bru som bind saman Sandøy og Mjømna, og eit oppdrettsanlegg ved Tunsberg. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.