Gunnar Domstein fødd 1958 frå Måløy. Konserndirektør og songar.
Etter at faren Knut Domstein døydde i 1988, har Gunnar Domstein saman med brørne Rolf Domstein og Knut Magne Domstein (fødd 1963) leia utbygginga av selskapet til eit verdsomspennande konsern med interesser i fiskebåtar, mottaksanlegg, oppdrett, ferdigmatproduksjon og salsselskap for sjømat. Gunnar Domstein har vore direktør i Domstein Pelagic AS som i 2006 vart slege saman med Global Fish og Westcoast AS til eitt av dei største fiskeselskapa i verda for mottak og sal av sild og makrell.
Styremedlem i Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening - FHL - frå 2007. I 2011 vart Domstein vald til styreleiar i FHL.
Gunnar Domstein er kjend som ein dyktig songar, og har hatt fleire solistroller ved Opera Nordfjord.