| | |
| Fakta om Høyanger | |
|---|---|
| Areal: 907 km². | |
| Folketal: 4222 (1.1. 2013). | |
| Høgste fjell: Bjørnanipa 1435 m.o.h. | |
| Sognefjordens djupaste punkt på 1308 meter ligg utanfor Vadheimsfjorden. | |
| Ordførar: Petter Sortland, Arbeidarpartiet. | |
| Tettstader: Høyanger (2225 innb.), Kyrkjebø, Vadheim, Lavik | |
Kommunesenteret Høyanger var tidleg på 1900-talet ei avsides grend. Over natta vart den fredelege bygda omskapt til ein moderne industristad, regulert og teikna av dei beste arkitektane i landet.
Det var dei veldige fossane kring Høyanger som skapte grunnlaget for den nye tida. Men det var sterke politiske spenningar både mellom det gamle bondesamfunnet og den nye industristaden og internt i industrisamfunnet Høyanger.
Vadheim fekk sitt industrieventyr nokre år tidlegare då skottar bygde elektrokjemisk fabrikk under fossefalla i Dyrneslielva. Vadheim vart tidleg eit trafikknutepunkt på den populære turistruta Vadheim-Sandane.
Lengst vest i kommunen ligg ferjebygda Lavik, som ein gong var senter i eigen kommune. I dag er Høyanger den einaste kommunen med areal på begge sidene av Sognefjorden.
Høyanger har dei siste tiåra gått gjennom ei vellukka omstilling og bygt opp mange framtidsretta arbeidsplassar i staden for dei som fall bort då aluminiumsverket vart bygt ned, men krise i bilindustrien i 2008/2009 skapte nye vanskar med tap av arbeidsplassar ved felgfabrikken Fundo i Høyanger som resultat.
Før 1916 var Høyanger ei veglaus grend. Bygginga av aluminiumsverket snudde opp ned på det meste og gjorde staden til sentrum i ein ny kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.