Historia i Flora

Florø sentrum i 1959. Sidan den gong er bybiletet svært mykje endra. Bak kyrkjetårnet ser vi Florø Hermetikkfabrikk, heilt til høgre Ankerløkken verft. Mellom desse er Evja sidan den gong fylt ut og bygd ut med ei lang rekkje næringsbygg. Foto: Kåre Botnmark. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det er fiskeri som har forma dagens Flora-samfunn. Florø fekk bystatus i 1860 og var i 137 år den einaste byen i Sogn og Fjordane. Florø sentrum er med på Riksantikvaren si liste over byområde med kulturhistorisk interesse. Men det var på Svanøy maktsenteret i området låg før Florø vart bygd oppsom fiskerisenter.

Øks frå vikingtida, funnen på Nekkøy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Øks frå vikingtida, funnen på Nekkøy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dei eldgamle diabas-gruvene

Diabasgruvene i Flora er truleg Norges eldste industrisamfunn.

Helleristingane i Ausevika

Tidleg på 1930-talet fann Tor Grønnevik det store helleristingsfeltet, som tel kring 300 figurar.

Gravrøysene på Årebrot

Dei over 30 gravrøysene skriv seg frå bronsealderen, og mange av dei er godt synlege frå kystleia.

Kinna-kyrkja. Foto: NRK.

Kinna-kyrkja. Foto: NRK.

Kinna-kyrkja, segna og spelet

Kyrkja bygd kring 1100, er nær knytt til Selje kloster og Sunniva-legenden ved Stad. Sidan 1985 har kyrkjegarden ved Kinna-kyrkja vore scene for det årlege Kinna-spelet.

Svanøy-godset

Ingen stad i fylket har ei så fargerik og mangslunga historie som Svanøy.

Flora gard

Flora gard - eller «Nedre Florøen» - var storgarden på Florelandet i gamal tid.

Skysskifta Furesundet og Hellevik

– sjå Samferdsle i Flora.

På 1950-talet kom båtar frå heile norskekysten til felta utanfor Florø for å vere med på det store sildeeventyret. Dette er båten Rav frå Sør-Trøndelag. Foto: Kåre Botnmark. © Fylkesarkivet.

På 1950-talet kom båtar frå heile norskekysten til felta utanfor Florø for å vere med på det store sildeeventyret. Dette er båten Rav frå Sør-Trøndelag. Foto: Kåre Botnmark. © Fylkesarkivet.

Fiskerihistoria i Flora

Vårsildfisket la grunnlaget for skiping av Florø by i 1860.

Kraftforsyninga i Flora

Den første bygningen som fekk installert elektrisk lys i Florø var Florø Conservesfabrikk, som vart bygd i 1908.

Vassforsyninga til Florø

Etter at drikkevassforsyninga hadde vore oppe til debatt 120 gonger i løpet av 50 år fekk Florø i 1910 skikkeleg vassforsyning.

Fiskarsjukehuset i Florø ca. 1885. © Fylkesarkivet.

Fiskarsjukehuset i Florø ca. 1885. © Fylkesarkivet.

Helsestell og velferd i Flora

Florø fekk sjukehus alt i 1863. Fiskarsjukehuset vart starta på grunn av den store tilstrøyminga av sildefiskarar.

Lag og organisasjonar i Flora

Oversyn over idrettslag og andre organisasjonar i Flora frå 1860.

Rovdyrsoger i Flora

Den siste, kjende bjørnejakta i Flora kommune gjekk føre seg i Husefestmarka på 1880-talet.

Ulukker i Flora

Som i andre kystkommunar er det skipsforlis og drukning som er dei mest vanlege ulukkene i Flora.

Sauebonden Schumann på Hovden

– sjå Johan Schumann.

Blåbrebu, eigd av Flora Turlag, ligg i Ålfotbréen landskapsvernområde. Foto: Flora Turlag.

Blåbrebu, eigd av Flora Turlag, ligg i Ålfotbréen landskapsvernområde. Foto: Flora Turlag.

Ålfotbréen landskapsvernområde

Ålfotbréen og Keipen er dei vestlegaste isbréane i Noreg. I 2009 vart Ålfotbréen landskapsvernområde skipa.

Oljebyen Florø

Flora er den einaste kommunen i Sogn og Fjordane med oljeretta verksemd av noko omfang.

Polititenesta i Sogn og Fjordane

Polititenesta i Sogn og Fjordane har sidan 2001 vore samla i Sogn og Fjordane Politidistrikt. Politidistriktet har hovudkvarter i Florø, der Fjordane Politikammer har halde til sidan 1898.

Florø er ein by med sterke tradisjonar. Ein av dei er at jonsokfeiringa helst skal føregå i båt, ved bålet på Rota. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Florø er ein by med sterke tradisjonar. Ein av dei er at jonsokfeiringa helst skal føregå i båt, ved bålet på Rota. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.