Baldersteinen på Leikanger har vore motiv for mange kunstnarane. Dette måleriet heiter Bauta ved fjorden og er måla av Hans Leganger Reusch.
Den eldste historia i Leikanger
Rike fornfunn viser at bygda har vore busett frå steinalderen. Les m.a. om Baldershagen på Husabø og Baldersteinen - størst i landet.
Fylkesmannsgarden på Nybø
Garden Nybø er skild ut frå Henjum-gardane, og fekk gardsnamnet i 1819. På 1700-talet budde folk frå den styrtrike Leganger-slekta på garden, seinare overtok sorenskrivar og amtmann.
Skrivareiki. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Sorenskrivargarden på Halland
Mesteparten av denne sorenskrivareigedomen hadde tidlegare høyrt til garden Halland.
Skrivareiki
Knapt noko tre på Vestlandet viser så godt att i terrenget som den mektige «Skrivareiki» på sorenskrivargarden på Systrond.
Leikanger prestegard på Folkemuséet
På Norsk Folkemuseum på Bygdøy står eit vakkert herskapshus frå Sogn. Det er den gamle Leikanger prestegard. Huset vert også kalla for Thaulow-samlinga der det no står på Folkemuséet.
Jordbrukshistoria i Leikanger
Les m.a. om Fruktbygda Leikanger.
Laksefisket i Leikanger
Sjølaksefisket var ei viktig attåtnæring, og langs stranda i Leikanger var det i alt ni lakseverpe.
Lakesverpe ved Kvinnefossen.
Rovdyrsoger frå Leikanger
Ein av dei mest kjende bjørnejegrane i landet,Nils J. Røysum, kom frå Leikanger.
I dette huset heldt Sogns Barneheim til. Foto: Arild Nybø, NRK.
Skjelgraving i Leikanger
I gamle dagar var det mange, også i Leikanger, som skaffa seg inntekter ved skjelgraving.
Sogns Barneheim
Barneheim for foreldrelause born, skipa på Leikanger i 1891. Var i drift til 1974. Bak den stod Indremisjonen i Sogn.
Meteoritten i Leikanger-fjella
I 1978 vart det funne ein underleg stein ved foten av Myrdalsbreen.
Helsestell i Leikanger
Les m.a. om den harde striden då Leikanger var eitt av alternativa for eit nytt sjukehus.
Kraftforsyninga i Leikanger
Det første kraftverket i Leikanger vart bygt i 1912 i Henjaelvi av Sygna Uldvarefabrikk A/L.
Utvandring frå Leikanger til Amerika
Sidan 1840-talet har 822 personar (fram til 2002) utvandra frå Leikanger til Amerika.
Syril stadion. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Lag og organisasjonar i Leikanger
- Idrettslag og ungdomslag
- Rikt musikk- og revyliv i Leikanger
Kriminalsoger frå Leikanger
Les m.a. om det mystiske trippelmordet på Olsens Hotell i 1911.
Ulukker i Leikanger
Rasulukker og drukning har kravd fleire menneskeliv i Leikanger.
Segner frå Leikanger
Les m.a. segna om Kvinnafossen.
Hermansverk på 1930-talet, då det framleis var ein industristad. Vi ser Viking Hermetikkfabrikk til venstre og Drægni-fabrikken rett opp frå kaia. I dag er dette området fylt opp av byråkratarbeidsplassar. © Fylkesarkivet.
Offentlege etatar i Leikanger
– statlege og fylkeskommunale:
- Aetat - Arbeidsformidlinga
- Fylkeslegen i Sogn og Fjordane
- Fylkeskommunen - sjå Sogn og Fjordane fylke
- Fylkesmannen - sjå Sogn og Fjordane fylke
- Sogn og Fjordane fylkesskattekontor
- Sogn og Fjordane skattefutkontor
- Sogn Politikammer
- Sorenskrivarar og domstolar i Sogn og Fjordane
- Statens Kartverk i Sogn og Fjordane
- Statens Utdanningskontor og skuledirektøren
– sjå Skuleadministrasjonen i Sogn og Fjordane
- Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane
- Difi - Direktoratet for forvaltning og IKT
Les og om Krigshistoria i Leikanger.