Historia i Sogndal

Sogndal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Sogndal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Den eldste historia i Sogndal

Les om runesteinar, gravhaugar og andre fornfunn. Les soga om Lusakaupangen der kong Sverre brende og herja og drap i 1184.

Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Ingen stader i fylket er det registrert så mange adelsgardar - eller setegardar - som i Sogndal. I tillegg til det mest kjende Kaupanger-godset, var det i høgmellomalderen (1200-1300) også såkalla setegardar for stormannsætter både på Slinde, Stedje og Kvåle - truleg også på Eggum.

Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra

Den gamle strandsitjarstaden Sogndalsfjøra - eller Sogndalsfjæren som det vart skrive før - var i eldre tid ein av dei største tettstadane i Sogn.

Her har dei funne roa. Med eit slikt motiv er det ikkje rart at Fjærland sidan 1800-talet har lokka til seg turistar frå fjern og nær. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Her har dei funne roa. Med eit slikt motiv er det ikkje rart at Fjærland sidan 1800-talet har lokka til seg turistar frå fjern og nær. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Turistbygda Fjærland

Heilt frå dei første utanlandske turistane tok til å strøyme til dei vestlandske fjordane midt på 1800-talet, har Fjærland med sine svimlande fjell og mektige brearmar vore eit viktig reisemål.

Norsk Bremuseum

- sjå Turistbygda Fjærland.

På slutten av 1800-talet var Bøyabreen ei mektigare oppleving for turistane enn i dag. Og ikkje heilt ufarleg heller når dei gjekk så nær som dette. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

På slutten av 1800-talet var Bøyabreen ei mektigare oppleving for turistane enn i dag. Og ikkje heilt ufarleg heller når dei gjekk så nær som dette. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Ivar Aasen i Sogndal

Språkgranskaren Ivar Aasen frå Ørsta vitja Sogn fleire gonger i åra då han samla dialektmateriale til det nynorske skriftspråket.

Bjørnson samla 6000 i Sogndal

Den 29. august 1897 heldt forfattarhovdingen Bjørnstjerne Bjørnson folketale i Prestadalen i Sogndal, og det strøymde til folk frå heile Sogn.

Amerikafeber i Sogndal og Fjærland

I alt utvandra 3190 personar frå dåverande Sogndal kommune (Fjærland er utanom) til Amerika.

Meierihistoria i Sogndal

I 1893 bygde Daniel Danielsen, som dreiv Danielsens Hotell eit lite privat meieri i Sogndalsfjøra. Han dreiv det private meieriet i mange år.

Laksefiskar i Dalaelvi ved Foss. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Laksefiskar i Dalaelvi ved Foss. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Laksefisket i Sogndal

Det eksklusive fisket etter kjempelaksen i Årøyelvi har sidan midten av 1800-talet vore reservert dei som kunne betale best for seg.

Potetopptak på De Heibergseke Samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Potetopptak på De Heibergseke Samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

på Kaupangerskogen er største muséet i Sogn og Fjordane med kring 40 hus i stort friluftsmuseum og ei stor samling i eige museumsbygg.

Kraftutbygginga i Sogndal

Nils J. Knagenhjelm bygde kraftverk i Kaupangerelvi i 1910. Dette var det første kraftverket i Sogndal kommune. Det andre kom ik Dalaelvi i 1913.

Dalaelvi frå Foss og ned til sjøen før 1900. I 1913 vart det bygt eit kraftverk i elva.

Dalaelvi frå Foss og ned til sjøen før 1900. I 1913 vart det bygt eit kraftverk i elva.

Helsestellet i Sogndal

Det første «sjukehuset» i Sogn og Fjordane vart bygt i Sogndalsfjøra i 1819, og låg omlag der K-senteret seinare vart bygt på Fossetunet.

Tobakksdyrking i Sogndal

På eitt år dyrka bønder i Sogndal 1800 kilo tobakk, og i 1899 dekte tobakksåkrane i kommunen 12 dekar.

Vestlandsforsking

Stiftinga Vestlandsforsking i Sogndal vart skipa i 1985 med Sogn og Fjordane fylkeskommune som formell stiftar.

Kompetansesenter for distriktsutvikling

I 2007 fekk Sogndal eit statleg kompetansesenter for distriktsutvikling - Distriktssenteret. Kompetansesenteret skal også ha avdelingar i Steinkjer og på Alstahaug. I 2010 hadde avdelinga i Sogndal åtte tilsette.

Tore Andre Flo er mellom dei mange gode fotballspelarane frå Sogn og Fjordane som har aksla den kvite Sogndal-trøya. Her er han i sitt comeback som Sogndal-spelar mot Rosenborg i 2011. Foto: Rune Fossum, NRK.

Lag og organisasjonar i Sogndal

Sogndal Sogneselskap skipa ca. 1830 er det første laget som er registrert i dette oversynet.

Kriminalsoger frå Sogndal

Les m.a. om futespranget i Helvetesfossen.

Ulukker i Sogndal

I 1836 omkom 16 menneske i ei skredulukke i Øvstedalen.

"Slindebjerken" av I. C. Dahl. © Blomqvist Kunsthandel.

Segner frå Sogndal

Les m.a. segna om sølvskatten i Kongaberg ved Ylvisaker.

Rovdyrsoger i Sogndal

Første fellingsløyvet for bjørn i Sogndal vart gitt i 1741. Også i moderne tid har det vore bjørnejakt. I 2008 vart ein bjørn skoten på Vetlebreen i Fjærland.

Andre omtalar: