Hornindal



Fakta om Hornindal
Areal: 191 km²
Folketal: 1238 (1.1. 2013)
Høgste fjell: Hornindals-rokken 1529 m.o.h.
Djupaste innsjø: Hornindalsvatnet er Europas djupaste innsjø – 514 meter. Ein avart av røye vart i 2006 fanga på 510 meters djup i vatnet.
Ordførar: Anne-Britt Øen Nygård, Senterpartiet.
Tettstader: Grodås.

Tre ljåar i kommunevåpenet vitnar om ein eldgamal smedtradisjon i dalen, der ljåsmiing har vore lønsam attåtnæring for gardbrukarane i fleire hundre år. Hornindal har fostra uvanleg mange talent innan folkemusikken, frå Lars Eriksson Brendefur på 1700-talet til Honndalstausene i 1983 og gruppa Fjøgl med m.a. Liv Merete Kroken i 2001.

I nyare tid har fleire sunnmørsbedrifter skote livskraftige knoppar i kommunale industribygg i Hornindal. På Grodås ligg muséet som husar skulptursamlinga etter dalens store son, bilethoggar Anders Svor. Der ligg og det tradisjonsrike Raftevolds Hotel.

Hornindalsvatnet er med 514 meters djupn den djupaste innsjøen i Europa, og det 1529 meter høge fjellet Hornindalsrokken er eit karakteristisk landemerke. Her kan du og lese om at svartedauden på 1300-talet utrydda alle i Hornindal utanom ein gut.

Hornindal var nokre år ein del av Stryn kommune, men fann seg ikkje til rette, og frå 1977 har kommunen vore ein av dei minst folkerike kommunane i Sogn og Fjordane.

Den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet, er ei av merkevarene til Hornindal kommune. Biletet er teke vestover frå Grodåssanden. Vi ser Kjøshammaren til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet, er ei av merkevarene til Hornindal kommune. Biletet er teke vestover frå Grodåssanden. Vi ser Kjøshammaren til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.