| | |
| Fakta om Hyllestad | |
|---|---|
| Areal: 259 km². | |
| Folketal: 1428 (1.1. 2013). | |
| Høgste fjell: Lihesten 777 m.o.h. Gygrekjeften på nordsida av same fjellplatået er 709 m.o.h. | |
| Ordførar: Jan Olav Gjerde, Arbeidarpartiet. | |
| Tettstader: Leirvik, Hyllestad, Sørbøvåg. | |
Hyllestad er sterkt avhengig av hjørnesteinsverksemda Havyard Leirvik, skipsverftet som vart skapt av Jonas Løland og dei seks sønene hans. Mange Hyllestad-folk var mellom pionérane i oppdrettsnæringa kring 1970.
Hyllestad er kvernsteinsbygda. Kvernsteinar i tusental er brotne frå berga kring Sørefjorden. Tre kvernsteinar i kommunevåpenet og muséet Kvernsteinparken vitnar om ein av dei eldste industritradisjonane i Noreg.
I Hyllestad skjedde den første ulukka med rutefly i Noreg då sjøflyet Havørn flaug i Lihesten i 1936. Les og om Smilden Kalkbrænderi. Under andre verdskrigen bygde tyskarane opp eit stort fort på Nesje.
Lifjellet er ein svært markert fjellprofil i Hyllestad. På biletet ser vi og eitt av fleire oppdrettsanlegg. Foto: Ottar Starheim, NRK.