Ingeborg I. Brekke (1909-1999) frå Brekke. Hotellvertinne og kvinnesakskvinne.
Ingeborg arbeidde m.a. som kokk på fleire hotell før ho kring 1940 kom heim til Brekke og vart telefonstyrar og postopnar. I 1970 bygde ho det særmerkte Brekkestranda Fjordpensjonat - seinare kjent som Brekkestranda Fjordhotell. Pensjonatet var teikna av arkitekt Bjørn Simonnæs, og vekte stor oppsikt i vide krinsar: Det fekk ein særprega, rustikk arkitektur med torvtak, naturstein og hunbord som kledning, og knapt nokon vinkel i bygget var rett.
Ingeborg var kjend for å ta seg godt av gjestane både med song og forteljing. Ho hadde eit sterkt samfunnsengasjement, og engasjerte seg både i skrift og tale særleg i kampen for likestilling i den norske kyrkja.