| | |
| Fakta om Jølster | |
|---|---|
| Areal: 664 km². | |
| Folketal: 3078 (1.1. 2013) | |
| Høgste fjell: Snønipa 1827 m.o.h. | |
| Ordførar: Oddmund Klakegg, Senterpartiet. | |
| Tettstader: Skei og Vassenden. | |
Jølster er målaren Nikolai Astrup sitt fantastiske rike. Både han og Ludvig Eikaas har fått sine eigne museum i heimbygdene. Skei i Jølster vart det mest sentrale trafikknutepunktet i Sogn og Fjordane då tverrsambandet til Sogn vart opna.
Slåttekomponistar som Anders Viken og meisterspelemennene frå Jølster er landskjende. Og visste du at Jølster har Noregs-rekord i desentralisert meieridrift?
For dei som elskar friluftsliv er Jølster eit ideelt utgangspunkt anten det handlar om fisketurar, fjellturar eller breturar. På Vassenden er det bygt eit stort skianlegg og ei golfbane.
Tek du ein tur rundt Jølstravatnet kjem Astrup-motiva som perler på ei snor. Dette biletet er teke frå Sandalsstrand mot Årdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Finn fram i Jølster