Jens Bloch Helmers (1825-1898) frå Florø. Tok i 1849 over Flora gard, den største garden på Floralandet som hadde vore i Helmers-slekta si eige frå slutten av 1700-talet.
Avsto store deler av garden då Florø by vart grunnlagd i 1860 og hadde fleire offentlege verv i den nye byen, ma som hamnefut. Helmers var den første poststyraren i Florø då Kinn fekk eige postopneri i 1856. Han var ein av skiparane av Florø Træplantningsselskab kring 1870. Dette selskapet skogkledde Storåsen og Likkjeåsen og bygde gangstiar rundt i terrenget.
Far til Jens Severin Bloch Helmers.