Jens Boalth Wallentinsen (fødd 1796) frå Bergen, busett i Vik. Kjøpmann og gjestgivar i Vik frå ca. 1833 (sjå: Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik).
Brannen på Vikøyri 1838
Det var i bakaromnen til Wallentinsen at den store brannen på Vikøyri i 1838 starta. Brannen tok 294 bygningar og gjorde 333 menneske huslause. Han hadde gard på Hove med eit herskapeleg hus, prydd med utanlandske tapetar. På Vikøyri starta han bygging av eit hotell som han i 1847 selde til svogeren Ole Hopstock og flytta tilbake til Bergen.