Johan Lindequist (1831-1898) frå Sverige. Veterinær og agronom som i 1857 vart tilsett som den første husdyrkonsulenten i Noreg.
Han var oppteken av å avle fram ein sterk norsk arbeidshest, og kjøpte i 1861 inn fire dølahingstar som vart sette inn i hesteavlen på Vestlandet. Desse hestane stod oppstalla i Hardanger, Voss, Vik og Førde.
Seinare vart eit par av desse hingstane flytta til Fana og Sunnmøre. Blandingsavlen vekte etter kvart sterk motbør, spesielt frå Nordfjord og Sunnmøre.