Johannes Moe

Johs. Moe urmakar og gullsmedforretning i Strandgata 34. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johs. Moe urmakar og gullsmedforretning i Strandgata 34. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johannes Moe frå Bergen starta som urmakar i Florø i 1896. Før det hadde tre andre urmakarar freista å drive forretning i Florø. Johs. Moe var ein av pådrivarane for det første lysverket i Florø i 1910, og var aktiv i Florø Træplantningsselskab. Han dreiv sjølv forretninga i 60 år til han døydde i 1956, og deretter overtok sonesonen Eystein og dreiv i 50 år fram til butikken vart seld i 2006.

I 1899 fekk Johs. Moe ein konkurrent, då også Harald Flesche etablerte seg som urmakar i byen. Men Flesche la ned etter nokre år og flytta til Oslo. Elles har også ein Danielsen, I.P.Krohn Hansen, ein Rønning og Leiv Arne Midtbø drive som urmarkarar i Florø i kortare bolkar.