John J. Utheim (1847-1910), fødd i Averøy på Nordmøre, busett i Leikanger. Teolog, Venstre-politikar og fylkesmann.
Cand. theol. 1874, lærar 1870–1878, lærar ved Sjøkrigsskulen i Horten 1878, frå 1890 dosent same stad. Bystyremedlem i Horten 1883-1902, derav ordførar 1899–1901. Hadde fleire verv som medlem av statlege utgreiingsutval i åra frå 1892 til 1898.
Var stortingsrepresentant for Jarlsberg og Larvik 1892-1894. Fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1902 til han døydde i 1910. Utheim var republikanar, og agiterte mot kongedøme ved folkerøystinga i 1905.