Gjegnen sett frå nordsida av Nordfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ålfotbréen er omkransa av imponerande fjell. Høgast kneiser Gjegnen (Blånibba) med sine 1670 meter ved Yksenelvane i Nordfjord.
Før fossefalla i Yksenelvane vart regulerte til kraftproduksjon på 1950-talet, var det vanleg at turistskipa stoppa opp under dei mektige fossane og fjella slik at turistane kunne gå på dekk og bli dusja av fosserøyken.
Ein oberst Hertzberg dreiv landmåling i fjella kring Ålfotbréen i 1869 og 1870, og seinare på 1800-talet klatra den kjende engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby på Gjegnen og dei andre fjelltoppane kring breen. Det same gjorde Bergens-advokaten Kristian Bing - sjå: Fjellpionéren Kristian Bing.