Per Sivle (1857-1904) er ein av dei store nynorskdiktarane.
Personar fødde etter år 1850:
Omtalane er ordna etter fødselsår.
Mons Klingenberg Gjerløv
(1850-1936) frå Aurland, busett i Oslo og Skien. Redaktør og forfattar. Arbeidde som journalist og redaktør i Oslo, og frå 1884 redaktør for avisa «Fremskridt» i Skien. Har gjeve ut romanane «I Forbigaaende» (1880), «Ilgods» (1883), «Fra Skridt til Gallop» (1890) og «Reisegods» (1896).
Torleif Torsteinson Fretheim
(1851-1894) frå Flåm, busett m.a. i Fjell i Hordaland. Cand. theol. og politikar (Moderate). Var vararepresentant på Stortinget for Søndre Bergenhus amt (Hordaland) 1892-1894. Son til Torstein Guttormsen Fretheim.
Fredrik Hiorth
(1851-1923. Industrimann og «fossespekulant» frå Oslo.
Eilert Patric Juul
(1852-1928) frå Kristiansund, busett m.a. i Stryn og Aurland. Prest og skulestyrar.
Jens Sigfred Hopstock
(1853-1924) frå Bergen. Ingeniør og norsk telefonpionér som i 1892 fekk bygd telefonlina Voss-Gudvangen, og lanserte elektrisk jernbane Voss-Stalheim i 1895. Sjå Jens Sigfred Hopstock under Vik kommune.
Haakon Fretheim
(1854-1924) frå Flåm. Lege og hotelleigar.
Lars Vikesland
(1855-1927) frå Aurland. Lærar. Han vart kjend som ein uvanleg god reknemeister, og ein mann med «klisterhjerne». Sjølv ikkje matematikkprofessorar kunne setje han fast med kompliserte reknestykke. Virkesland kunne sitere store deler av Bibelen ordrett på engelsk, og lærte seg m.a. lappisk språk.
Øistein Underdal
(1856-1943) frå Undredal. Bonde, tobakksdyrkar og politikar.
Per Sivle
(1857-1904) Diktar og pressemann.
Olav Sævartveit.
Olav Sævartveit
(1863-1945) Frå Hardanger, busett i Flåm. Lærar og politikar. Ordførar i Aurland 1908-1925. Vart i 1923 vald som den første folkevalde som tok over møteleiinga i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Fram til då hadde fylkesmannen styrt møta.
Ragnvald Blakstad
(1866-1929) i Asker, busett i Skien og seinare Arendal og Oslo. Fossekjøpar og industrimann som spela ei av dei sentrale rollene i Noreg i dei første åra då fossekrafta vart utnytta til bygging av ny industri.
Peder Lahlum
(fødd 1871) frå Bergen. Jernbaneingeniør og anleggsleiar på Flåmsbana.
Georg Tobias Flom
(1871-1959) stamma frå Flåm, busett i USA. Professor i norrøn filologi. Faren emigrerte i 1844. Flom studerte gamalnorsk og norske målføre, og skreiv m.a. fleire avhandlingar om Aurlands-målet i «Scandinavian Studies».
Ingolf Christensen
(1872–1943) frå Førde. Jurist og offiser. Fylkesmann og Høgre-politikar. Sjå Ingolf Christensen under Førde kommune.
Nils Gregoriussen Tveranger
(1874-1954) frå Solund, busett i Aurland. Skofabrikant og den første som starta fabrikasjon av den vidgjetne Aurlandsskoen. Sjå Nils Gregoriussen Tveranger under Solund kommune.
Einar Langberg
(1875-1925) frå Stavanger, busett på Hermansverk.
Bottolf Monsson Thunshelle
(1883-1968) frå Aurland. Småbrukar og Arbeidarpartipolitikar. Styremedlem i Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1927–1938 og i representantskapet i Norsk Arbeidsmannsforbund frå 1945. Vararepr. på Stortinget 1934-1945.
Jens Pederson Lunde
(1884-1974) frå Aurland. Bonde, skulestyrar og Bondeparti-politikar.
Jon Ø. Underdal
(1890-1969) frå Undredal. Bonde og politikar.
Caroline Juul Jørstad
(1892-1962) frå Aurland, busett i Oslo. Lærar og lyrikar. Gav ut «Vilje de lya», dikt (1935) og «Trili Tare», barnevers (1939).
Alf H. Larsen
(1899–1945) frå Aurland. Matros.
Ivar Sævartveit
frå Flåm. Ordførar. Ihuga forkjempar for Flåmsbana - sjå Ingolf Christensen.
Bjarne Thorsteinsson Fretheim
(1907-1979) frå Flåm, busett i Oslo. Dr. med. og professor.
Anders Ohnstad
(1911-2007). Lektor og lokalhistorikar. Har m.a. skrive bygdebøker og andre publikasjonar med lokalhistorisk stoff om Aurland.
Kristoffer Vangen
(1912–1944) frå Aurland. Matros.
Einar Johnsen
(1914-1991) frå Flåm. Jernbanekonduktør og lokalhistorikar
Ragnvald Terum Winjum
(1917-1965) frå Aurland. Bonde, overrettssakførar og Venstre-politikar.
Andrias M. Bryn
(1918–1943) frå Aurland. Matros og krigsseglar.
Botolv Hov
fødd 1922 i Fresvik, busett på Styvi i Nærøyfjorden. Industrigründer og politikar.m Sjå Botolv Hov under Vik kommune.
Olav Tønder
(1926–2000) frå Fresvik, busett i Bergen og i Dyrdal. Doktor med. og professor. Sjå Olav Tønder under Vik kommune.
Signe Warberg
fødd 1926 i Flåm, busett i Oslo. Frisør. Ho dreiv frisørsalong ved Aker Sykehus. Ho vart både noregsmeister og nordisk meister i frisørfaget i 1949.
Magne Bjørnestad
(1928-2001) frå Flåm. Stasjonsformann, Arbeidarpartipolitikar og lokalhistorikar.
Magnar Flornes
(1928-1986) frå Aurland, busett i Asker. Riksadvokat.
Ingeborg Breisnes Lunde
fødd 1929, frå Aurland. Veverske.
Måleri av Johannes Vinjum.
Johannes Vinjum
(1930-1991). Kunstmålar og grafikar.
Svein Skjerdal
fødd 1932 i Aurland, busett i Sogndal. Folkemusikar.
Arne Sunde
fødd 1936 i Aurland. Lege og politikar.
Nils J. Ryum
fødd 1936 i Flåm, busett i Trondheim. Dr. techn. og professor.
Torgrim Gjesme
fødd 1942 i Aurland, busett i Oslo. Professor i pedagogisk psykologi.
Svein Indrelid
fødd 1943 i Aurland. Arkeologiprofessor.
Sjur Didrik Beck Flåm
fødd 1946 i Flåm, busett i Bergen. Matematikkprofessor
Frøydis Lunde
fødd 1956 i Aurland. Biletkunstnar.
Kai Martin Brekke.
Kai Martin Brekke
fødd 1958 i Flåm, busett i Leikanger. Journalist og forfattar.
Jon Skjerdal
fødd 1962 i Aurland. Musikkprodusent, busett i Bergen.
Jon Roti
fødd 1964 i Aurland. Busett på Voss. Konkurranseskyttar på landsnivå i fleire år. Skyttarprins 1995.
Finn Tokvam
fødd 1972 i Flåm, busett i Bergen. Journalist og humorist.
Sander Sekkingstad Terum
fødd 1993 i Aurland. Friidrettsutøvar.
Sander Sekkingstad Terum (t.h.) i senior-NM på Byrkjelo, der han tok bronsemedalje på 3000 m hinder. Foto: Rune Fossum, NRK.