Kjende personar i Bremanger

Heidi Grande Røys er ein av dei mest profilerte personane frå Bremanger. Ho var stortingsrepresentant for SV frå 2001 til 2005 og statsråd frå 2005 til 2009. Foto: Helge Carlsen.

Heidi Grande Røys er ein av dei mest profilerte personane frå Bremanger. Ho var stortingsrepresentant for SV frå 2001 til 2005 og statsråd frå 2005 til 2009. Foto: Helge Carlsen.

Kjende personar i Bremanger fødde etter 1900:

Ivar Solheim

(1900–1989) frå Vetvik, seinare busett på garden Førde i Bremanger. Bonde og motstandsmann under andre verdskrig.

Alf Rosenlund

(1901-1980) frå Davik. Lensmann.

Hans Eirik Endal

(1901–1992) frå Endal. Gardbrukar og lokalhistorikar.

Malvin Severinsson Aannevik

(1903-1942) frå Kalvåg, busett i Høyanger. Motormann og krigseglar. Utdanna på fylkesskule og kystskipperskule. Omkom då det svenske skipet M/S «Yngaren» vart torpedert i Nord-Atlanteren 12. januar 1942 på veg frå Halifax til England.



Ingvald Elias Bøen

(1903-1942) frå Davik. Stuert og soldat. Var saman med Sigvald Kristian Høiland (sjå denne) mellom nordmenn som vart evakuerte frå Svalbard i september 1941. Bøen hadde då arbeid som proviantforvaltar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Bøen og Høiland omkom under ein britisk-norsk ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly 14. mai 1942.

Martin Kristoffersen Sundøy

(1903–1943) frå Davik. Stuert og krigsseglar. Omkom då D/S ”Christian Michelsen” gjekk ned i Middelhavet etter ein eksplosjon 80 nautiske mil vest for Bizerta i Tunisia den 26. september 1943 på veg frå New York til Bizerta.



Finn Osmund Skre

(1904–1945) frå Bremanger. Cand. oecon. og motstandsmann under 2. verdskrig. Var med i Stein-organisasjonen i Bergen i dei første krigsåra, og medarbeidar i ei illegal avis. Arrestert den 14.oktober 1941, overført Bergen 13.11.1941, og sat på Ulven til han 1.05.1942 vart send til KZ-leirar i Tyskland. Omkom den 17. april 1945 av utmatting under ein fangestransport frå Flossenburg.

Johanna Bakke-Wiik

(1905-1981) frå Davik i Nordfjord. Gav ut forteljingar og dikt på eige forlag.

Svein Arne Nesje

(1908-1988) Frå Bremanger, busett i Drammen. Ingeniør og vegsjef.

Olai Johannes Kristoffersen Steinset

(1909-1940) frå Kalvåg. Matros og krigsseglar. Omkom i januar 1940 då D/S «Telnes» kom bort på veg frå New York til Rotterdam og Antwerpen.




Rasmus Matias Rasmussen Nyvoll

(1909-1944). Frå Davik. Emigrerte til Canada i 1928. Melde seg frivillig til teneste i den kanadiske hæren ved krigsutbrotet, og som kanadisk soldat i Royal Edmonton Regiment var han med på invasjonen i Normandie, men fall i kampane i Italia den 23. mai 1944. Ein minnestein er reist ved kyrkja i Ålfoten.

Kornelius Ragnar Solheim

(1910–1998) frå Vetvik, busett i Måløy. Tannlege og motstandsmann under 2. verdskrig.

Petter Johan Eliasson Mulelid

(1911-1942) frå Bremanger. Tømmermann og krigsseglar. Hadde gått snikkarskule. Kom bort under krigsforlis med den Panama-registrerte S/S «Equipoise» den 26. mars 1942.



Abraham Terdal

(1911–1967) frå Bremanger. Rutebileigar. Starta Rutebilane i Bremanger, eitt av dei største privateigde rutebilselskapa i Sogn og Fjordane. Son til Peder A. Terdal.

Jon Olderøy

(1912-1943) frå Bremanger. Kom bort saman med Harald Svortevik (sjå denne) på rømming frå Svelgen til Shetland i ei snekke i januar 1943.

Kristoffer Iverson Kleive

(1913–2005) frå Kalvåg, busett i Skien. Musikar og organist.

Jan-Magnus Bruheim

(1914-1988) frå Skjåk, busett i Botnane 1978-1985. Forfattar og lyrikar.

Alf Olafsson Aronsen

(1914-1942) frå Bremanger. Krigsseglar og kanonér. Var med i kampane ved Voss i aprildagane 1940. Rømde til Skottland i september 1941 og fekk opplæring som kanonér. Tenestegjorde seinare som kanonførar på S/S «Iddefjord», deretter D/S «Selbo». Omkom då skipet han sigla med vart torpedert utanfor vestkysten av Afrika den 28. november 1942.

Ola M. Grotle

(1915-1943). Frå Bremanger. Fiskar og kvartermeister.

Johan Kristoffer Jørgensson Klungreset

(1916-1943). Frå Bremanger. Gardsarbeidar, fiskar og soldat.

Erling Myrlie

(1916-1940). Var fødd i Oslo, men voks opp på Davik som fosterbarn. Kokk og krigsseglar. Omkom då M/B «Miranda» gjekk ned etter ein eksplosjon (truleg etter torpedering) 30 nautiske mil aust for Peterhead i Skottland på reise til Blyth den 20. januar 1940.

Harald Svortevik

(1916-1943) frå Bremanger. Kom bort saman med Jon Olderø (sjå denne) på rømming frå Svelgen til Shetland i ei snekke i januar 1943.

Erling Julin Olsen

(1917-1941). Fødd i Florø, busett i Bremanger. Krigsflygar.

Bård Olav Henriksson Grotle

(1917-1942) frå Grotle. Fiskar, sjømann og soldat.

Joar Olivarsson Igland

(1917-1942) frå Igland. Matros, soldat og krigsseglar. Rømde til Shetland og gjekk inn i Marinen. Var med under raidet mot Svalbard. Gjekk seinare inn i handelsflåten og omkom då M/T «Kongsgaard» vart torpedert utanfor Curacao 21. februar 1942.

Amanda Igland

(1917-2002), Bremanger. Organisasjonskvinne og politikar (Venstre).

Mons Monsen

(1918–1980) frå Davik. Lensmann og politikar.

Olai Edwin Leirgulen

(1918-1946) frå Leirgulen. Maskinmann og soldat. Rømde til England i 1941 og gjorde teneste i den norske Marinen, mellom anna på korvetten ”Potentilla”. Vart sjuk under tenesta og døydde den 16. desember 1946 som fylgje av krigstenesta.



Harald Leif Grotle

(1918-1943) frå Bremanger. Fiskar, sjømann og soldat. Rømde til England i august 1941. Tenestegjorde i Marinen og vart asdicoperatør på marinefartyet «Bodø» frå 1941. Omkom då «Bodø» krigsforliste på tilbaketur til Skottland etter oppdrag i Noreg den 4. januar 1943. Fekk Krigsmedaljen med stjerne post mortem.

Jostein Lofnes

(1918-1942) frå Lofnes. Fiskar og krigsseglar. Rømde til England i 1941 saman med Hilmar Haug (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S «Leikanger» vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad den 27. juli 1942.



Gudmund Lund Våg

(1919–1942). Fødd i Tjøtta, busett i Davik. Matros og krigsseglar. Omkom då Panama-registrerte S/S ”El Lago” vart torpedert i konvoi til Murmansk den 21.oktober 1942.


Dagfinn Odinsson Frøyen

(1920-1944). Matros og krigsseglar. Rømde til England og tok teneste i handelsflåten. Tenestegjorde som matos på D/S «Balduin» . Han vart sjuk og døydde i South Shields i England den 19. mai 1944.




Ingrid Geithus

fødd 1920 i Botnane, busett i Vik i Sogn. Gardkone og lyrikar. Gav ut diktsamlinga ”Ferdaskrinet” (Setesdalsforlaget) i 2006.

Kristen Strømmen

fødd 1921 i Rugsund. Fiskeoppdrettar og organisasjonsmann.

Arne Oskar Karlsson Grotle

(1921-1942) frå Grotle. Fiskar, stuert og marinesoldat. Hadde fylkesskule og stuertkurs. Rømde til England 1941 og gjekk inn i Marinen. Var stuert ombord på minesveiparen « Harstad» som vart senka i Den engelske kanalen den 27. februar 1942.


Johan Friis

(1921-1939). Fødd i Bergen, busett i Bremanger. Sjømann og krigsseglar. Var smørar ombord i M/S «Ronda» som krigsforliste 13. september 1939.

Arthur Johan Hauge

(1921-1943). Fiskar og soldat. Rømde til England med M/K ”Stanley” i september 1941. Var ei tid på handelsskip før han frå 1942 tenestegjorde i Marinen på «Rose», «Sleipner» og «Tunsberg Castle», og hadde seinare teneste i land. Han vart sjuk og døydde på sjukehus i England den 30.desember 1943. Tildelt Haakon VII’s minnemedalje.

Sverre Steffenson Lofnes

(1921–1974) frå Lofnes. Motstandsmann under 2. verdskrig og bistandsarbeidar.

Robert R. Lepsøe

(1922–1944) frå Kalvåg, busett i Canada. Legestudent og krigsflygar. Studerte i Alberta, Canada, ved krigsutbrotet og melde seg til teneste i det kanadiske flyvåpnet, men vart avvist fordi han var for ung. Han kom seinare inn i det norske flyvåpenet og vart kampflygar. Tenestegjorde frå 1944 i 332-skvadronen og var med under den allierte invasjonen i Frankrike i 1944. Under kampane vart flyet hans råka av tysk antiluftskyts og miste propellen slik at flyet styrta nær elva Maas. Lepsøe omkom.

Abraham Øvrebotten

(1922-1992), Botnane. Framståande kommune- og fylkespolitikar for Arbeiderpartiet på 1970- og 80-talet.

Sigvald Kristian Høiland

(1923–1942) frå Davik. Lagerarbeidar og soldat. Arbeidde som lagerarbeidar ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Var saman med Ingvald Elias Bøen (sjå denne) mellom nordmenn som vart evakuerte frå Svalbard i september 1941. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Høiland og Bøen omkom under ein britisk-norsk ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly den 14. mai 1942.

Hilmar Haug

(1923-1942). Fødd i Bergen, busett i Rugsund. Sjømann og krigsseglar. Rømde til England i august 1941 saman med Jostein Lofnes (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S «Leikanger» vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad den 27. juli 1942.

Arne Øvrebotten

fødd 1923 i Botnane. Bonde og motstandsmann under andre verdskrig.

Sofia Kristofa Nesje

(1926–1944) frå Bremanger. Var passasjer og omkom då Fylkesbaatane sin rutebåt D/S ”Framnæs” (sjå ”Senkinga av «Framnæs» under Krigshistoria i Bremanger) vart bomba av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen den 8. november 1944.


Erling Førde

(1927–2005) frå Bremanger. Fiskar og fiskebåtreiar.

Peder Bakke

(1934-2000) frå Bremanger. Fiskeoppdretts-pionèr.

Arvid Eikevik

fødd 1935 i Svelgen. Biletkunstnar. Utdanning ved div. akademi i Noreg og København.

Anders Endal

fødd 1935 på Endal, busett i Trondheim. Sivilingeniør og professor.

Åge Steinset

fødd 1938 i Svelgen, busett på Leikanger. Psykolog og biletkunstnar. M.a. utdanna ved Sogn og Fjordane Kunstskule.

Anne-Lise Gilleshammer

(tidl. gift Haugen) fødd 1939 i Kjølsdalen, busett i Svelgen. Administrasjonsfullmektig og Arbeidarparti-politikar. – Sjå Anne-Lise Gilleshammer – Eid kommune.

Per Ytrehus

fødd 1939, Ytrehus. Sagbrukseigar, fylkespolitikar (Senterpartiet) og organisasjonsmann.

Arvid Lillehauge

fødd 1944 i Berle i Bremanger, busett i Høyanger. Arbeidarparti-politikar og rådmann i Høyanger.

Jarle Varpe

fødd 1944 i Bremanger, busett i Jølster. Journalist og redaktør.

Svein Kåre Senneset

fødd 1947 i Bremanger, busett i Bremanger og Øvre Årdal. Lærar, helse- og sosialsjef og politikar.

Magnus Helge Torvanger.

Magnus Helge Torvanger.

Magnus Helge Torvanger

fødd 1951 i Bremanger, busett i Florø. Informasjonsmedarbeidar og forfattar.

Oddgeir Igland

fødd 1951 i Bremanger. Industrieigar og investor, Florø.

Margret Igland

(1952-2006) i Bremanger, busett i Leikanger. Biletkunstnar.

Magni Øvrebotten

fødd 1954, frå Botnane, busett i Naustdal. Journalist, redaktør og leiar av mediesenter.

Svein Inge Fosse

fødd 1954 i Kalvåg. Forretningsmann og krovert i Kalvåg.

Åge Johan Nigardsøy

(1955-2008) frå Bremanger, busett på Tiller i Trondheim. Organisasjonsmann.

Norulv Øvrebotten

fødd 1955 i Botnane. Journalist og Arbeidarpartipolitikar.

Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys

fødd 1967 i Kalvåg, busett i Florø. Førskulelærar og SV-politikar.

Yngve Frøyen

fødd 1970, frå Kalvåg. Forfattar.

Ole Johan Grønskag

(1972-2004) frå Kalvåg. Forfattar og arkitekt.

Laila Beathe Førde

fødd 1975. Sjå omtale under visepopgruppa Fabel.

Laila Beathe Førde. Foto: Øystein Windstad, NRK.

Laila Beathe Førde. Foto: Øystein Windstad, NRK.

Cecilie Rise

fødd 1977 i Svelgen, oppvaksen på Sandane. Friidrettsutøvar. (Sjå Cecilie Rise, Gloppen)

Erling Sande

fødd 1979 i Davik. Student og Senterparti-politikar.

Unn Kvendseth

fødd 1980 i Svelgen, busett i Kristiansund. Volleyballspelar.

Kim Nes Leirvik

fødd 1987, frå Svelgen. Friidrettsutøvar. I innandøs-NM i 2011 tok han gullmedalje i stavsprang. Same året sette han ny krinsrekord med 4,60. I utandørs-NM på Byrkjelo i 2011 tok han sølvmedalje.

Kim Nes Leirvik går over lista under NM på Byrkjelo i 2011. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kim Nes Leirvik går over lista under NM på Byrkjelo i 2011. Foto: Rune Fossum, NRK.