Kommunehuset på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Ved innføringa av formannskapslovene i 1837 var noverande Solund delt mellom Gulen og Askvoll kommunar. Dette hadde samanheng med at dei første kommunegrensene her som elles i landet, fylgde grensene for prestegjelda.
Etter den nye lova, hadde Utvær tinglag – dvs. sørlege delar av noverande Solund – rett til å krevje eigne kommunestyremøte, men ingen gjorde slikt krav gjeldande. Dei gjekk saman med Gulen, og fekk ein tredjepart av medlemene i kommunestyret.
Utvær. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
I 1854 vart likevel Utvær tinglag skilt frå som eigen kommune med namnet Utvær, og fekk eigen ordførar. Første ordførar i Utvær kommune var Peter Ulrik Egedius på Steinsundholmen. Men fattig- og skulestellet hang framleis fast i den gamle samordninga med Gulen heilt fram til 1893.
Kyrkja på Hardbakke vart bygd i 1859, og fekk tilsett eigen klokkar. I 1887 vart det vedteke å skipe Sulen prestegjeld. Samstundes vart bygdene i Nordsula overførde frå Askvoll til Solund kommune. Med unntak av den austlegaste øya Losna, hadde dermed Solund kommune fått dei grensene som den har idag.
Losna sett frå Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Ved reguleringa i 1888 ynskte ikkje folket på Losna å fylgje med over frå Gulen til Solund. Først ved kommunereguleringa i 1965 vart Losna innlemma i Solund kommune.
I 2002 grensar Solund kommune mot Gulen kommune i Sognefjorden, mot Hyllestad kommune i Tollesundet og Krakhellesundet mellom Losna og Skorpa, og mot Askvoll kommune i Bufjorden. Nynorsk vart innført som administrasjonsmål i Solund i 1921. Kommuneadministrasjonen held til på Hardbakke. Kommunehuset held til i tidlegare Sulen Sparebank.
Kommunesenteret Hardbakke i 1965. Foto: Bergens Tidende. Eigar: Johs. Mathiesen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane
I 1955 var det mykje mediamerksemd i samband med at Anna Sofie Herland vart vald til den første kvinnelege ordføraren Solund kommune.
Konfliktar i kommuneleiinga
Frå midten av 1990-talet var kommunepolitikken og administrasjonen i Solund prega av djupe personkonfliktar.
Indrevær er eitt av øysamfunna i Solund der mange av husa står tomme det meste av året. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Sterk nedgang i folketalet
Ingen kommune i Sogn og Fjordane har hatt større nedgang i folketalet enn Solund.
Ung ordførar
I 2011 vart 25 år gamle Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre vald til ordførar. Han vart dermed den yngste ordføraren i Sogn og Fjordane si historie, eitt år yngre enn Rolf Domstein var då han vart ordførar i Vågsøy i 1983. Ole Gunnar Krakhellen er son til Steinar Krakhellen, som var ordførar i to periodar, 1976-1981 og 1999-2003.
Politisk leiing:
Frå Leknessund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.