Dette biletet er teke i samband med reising av minnesteinen på toppen av Ytrehornsnakken i 1914. På steinen står denne innskrifta: Ein varde her stod som varsla til strid di staden skal minna om forna tid”. Ståande frå venstre Gustav R. Kirkhorn, Rasmus S. Kirkhorn, Synnøve R. Kirkhorn, Marie A. Tomasgard Slettemark, Gunnhild B. Dobakk, Ingeborg A. Tomasgard, Ingeborg A. Tomasgard, Ingeborg R. Ytrehorn og Olina R. Kirkhorn. Sitjande frå venstre Brita H. Tomasgard, Anne A. Tomasgard og Kristian R. Kirkhorn. Foto: Rasmus S. Kirkhorn. © Fylkesarkivet.
Det gamle vetesystemet i Nordfjord
Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast på høge fjell med vidt utsyn.
2. verdskrig
Under 2. verdskrig hadde tyskarane ein liten vaktstyrke på Grodås, der dei rekvirerte Raftevold Hotell til kaserne.
Opprullinga av Milorg
Under Milorg-opprullinga i Sogn og Fjordane februar-mars 1945 vart hotelleigar Ola Raftevold arrestert, og sat i fangenskap til freden. Også ein del andre frå bygda vart arresterte under rassiaen, men vart raskt sleppte fri.
Det var stor glede og full oppslutnad om 17. mai-toget på Grodås i 1945, etter fem år med okkupasjon. Foto frå Historisk årsskrift, Hornindal Historielag.
Falne og omkomne frå Hornindal
Honndøler i tysk fangenskap