Krigshistoria i Hyllestad

I Hyllestad var det stasjonert 600 tyske soldatar under andre verdskrigen, dei fleste på Nesje fort. Her er nokre av dei fotograferte. Mange av dei var svært unge, berre i 18-årsalderen. Foto: B. Schaller. Frå boka Fronten er kysten!

I Hyllestad var det stasjonert 600 tyske soldatar under andre verdskrigen, dei fleste på Nesje fort. Her er nokre av dei fotograferte. Mange av dei var svært unge, berre i 18-årsalderen. Foto: B. Schaller. Frå boka Fronten er kysten!

Vete på Hatløyna

Under den store nordiske krigen i 1707 vart det reist ein vete på Hatløyna. Denne gjekk inn i det militære varslingssystemet langs norskekysten. Øya vert til vanleg kalla Sakrisøyna etter gjestgjevaren i Korssund (sjå Fjaler kommune), Sakarias Mikalson Beck, som på 1600-talet eigde øya og nytta den til beite.

Eksersisplassen i Leirvik

Frå tidleg 1700-tal var det ekserserplass på Utstillingsplassen ved Bøaelva i Leirvik (sjå Offisersgarden i Leirvik). Den meste kjende offisersfamilien var Holck-slekta, som kom til Leirvik i 1745, der Ole von Holck kjøpte gard. Fleire av Holck-ane var kommandantar for Vestre Ytre Sognske Kompani. Også andre gardar kring Leirvik vart kjøpte av offiserar som tenestegjorde der. Næraste eksersisplass låg på Dingemoen i Dale i Sunnfjord. Det var plasseringa av eksersisplassane i Leirvik og på Dingemoen som vart det avgjerande argumentet for at Den trondhjemske Postvei på slutten av 1700-talet vart bygd mellom Leirvik og Dale, og ikkje slik som tidlegare planlagt; mellom Vadheim, Sande og Førde. – Les meir om dette under Samferdsle.

Andre verdskrigen i Hyllestad

På det meste hadde dei tyske okkupasjonsstyrkane 600 soldatar i Hyllestad under andre verdskrigen.