Låven og Furuheimen

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Tilliks med arbeidarane bygde også funksjonærane ved verket i Høyanger eigen ferieheim, «Furuheimen» ved Klævoll.

Funksjonærane var like tidleg ute som arbeidarane til å organisere seg i Høyangsfaldenes Funksjonærforening i 1916. I 1918 gjekk den over til Høyanger Formann- og verksmesterforening. Denne organsiasjonen eksisterer framleis under namnet Høyanger Arbeidslederforening.

Tidleg på 1920-talet starta funksjonærforeninga arbeidet med å få eiga lagshytte, men i staden satsa ein i 1926 på medlemshuset «Låven» i Høyanger. I 1933 kjøpte foreninga tomt ved fjorden like aust for Klævoll, og i 1947 vart ferieheimen «Furuheimen» teken i bruk.

Les også: