| | |
| Fakta om Lærdal | |
|---|---|
| Areal: 1341 km² | |
| Folketal: 2176 (1.1. 2013) | |
| Høgste fjell: Jukleggi med Høgeloft 1920 m.o.h. Det kjende fjellet Bleia aust for Frønningen er 1718 m.o.h. | |
| Ordførar: Jan Geir Solheim, Senterpartiet. | |
| Tettstader: Lærdalsøyri 1016 innb., Steinklepp i Borgund. | |
Historia til Lærdal er prega av samferdsle: Vegen gjennom Lærdal og over Filefjell har frå uminnelege tider vore den viktigaste sambandsvegen mellom Austlandet og Vestlandet. Difor var Lærdal mellom dei første bygdene i landet som fekk køyrevegar, post, telegraf og dampbåtruter.
I dag fylgjer hovudvegen Bergen-Oslo, E16, framleis den same lina over Filefjell. Tverrsambandet frå Florø og Førde koplar seg på europavegen i Lærdal, der vi finn den lengste vegtunnelen i landet.
Lærdalsmarknaden var i fleire hundreår den viktigaste staden for varebyte mellom fjord- og kystfolket på vestsida og kornbygdene austafjells.
Lærdalsøyri var den første skikkelege tettstaden i Sogn og Fjordane og var nære på å få bystatus. Mykje av det gamle 200 år bygningsmiljøet er teke vare på og er verna.
Øvst i dalføret står nasjonalikonet Borgund stavkyrkje, og i Norsk Villakssenter kan ein sjå talrike minne frå «lakselordtida» og fisket i «Dronninga blant elvar», som Lærdalselvi vert kalla.
Les og om språkstriden i 1910 då både Bjørnstjerne Bjørnson og avlsoksar var innblanda.
Borgund stavkyrkje, bygd rundt 1180. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.