Eitt av oppdrettsanlegga i Flora, ved Klavelandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
I dag er oppdrett og setjefisk den største verdiskaparen i fylket, med ei årleg omsetning på mange milliardar kroner, og Florø har lenge vore «laksehovudstaden». Men den nye vekstnæringa har vorte råka av økonomiske kriser som både oppdrettarar og foredlingsindustri i Flora har fått merke på kroppen.
I tillegg til at Skaarfish og Domstein-konsernet frå Måløy bygde ut svære anlegg for mottak og foredling av laks i Florø på 1980-talet, skjedde det også andre ting som gjorde at Florø har bygd seg opp som det viktigaste senteret for den nye kystnæringa:
På Svanøy kom Svanøy Stiftelse tidleg i gang med forsking på oppdrettsfisk, og dyktige gründerar bygde store anlegg for settefisk og oppdrett m.a. i Norddalsfjorden, i Eikefjorden og ute i øyane.
Fiskefôrfabrikken EWOS vart verdas største i sitt slag, og heldt til i den nedlagde sildoljefabrikken i Gunhildvågen, og frå 1999 har også eit anna verdsomspennande oppdrettskonsern for laks, Pan Fish, lagt hovudkontoret for oppdrettsdivisjonen i Norge til Florø.
Leiar for denne er ein av dei sentrale gründerane i oppdrettsnæringa, Gudmun Strømsnes. Saman med Ola Braanaas har Strømsnes bygd eller kjøpt opp nokre av dei største anlegga for settefisk, oppdrett og lakseslakting i Sogn og Fjordane (sjå nedanfor).
Oppdrettspionerane
I Flora var det på Svanøy dei var først ute med fiskeoppdrett.
Go-Fish
Parhestane Braanaas og Strømsnes
Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas vart på 1990-talet dei største lokale aktørane I oppdrettsnæringa i Flora.
HAVdyrkerne BA
I 1995 gjekk 24 oppdretts- og settefiskprodusentar frå Osterøy i sør til Sunnmøre i nord saman og skipa innkjøpsorganisasjonen HAVdyrkerne BA, med hovudkontor i Florø.
Havlandet Havbruk AS
Havlandet Havbruk AS vart skipa i år 2000 som eit underselskap i INC-gruppa.
Havlandet Marin Yngel AS
vart skipa i 2001 og driv yngeloppdrett på eit anlegg ved Fjord Base, og har i 2005 konsesjon på fem millionar setjefisk.
Havlandet Marinfisk AS
vart skipa i 2003 og driv oppdrett i Fanevik i Norddalsfjorden. I 2004 oppretta Havlandet eit anlegg for torskeoppdrett på Russenes i Førdefjorden.
Norwell AS
fiskeeksportfirma vart skipa i Florø i 1996 av Kjartan Strand.
Slakteriet AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Slakteriet AS
vart starta i 2005 og driv med lakseslakting.
HFL Havlandet Forskingslaboratorium
i Gunnhildvågen vart starta i 2005 og driv m.a. med fóranalysar for oppdrettsnæringa.
Anlegget til Marø Havbruk på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.