Lars Nes

Lars Nes. Foto: studio osy.lv

Lars Nes. Foto: studio osy.lv

Lars Nes fødd 1953 på Veitastrond i Luster, voks opp i Årdal, busett i Leikanger. Lærar og forlagseigar. Utdanna musikklærar. Lærar ved Leikanger ungdomsskule 1979-1985, rektor ved Leikanger kommunale musikkskule 1985-1992. Kultursjef i Balestrand 1992-1993.

Nes skipa i 1991 Skald Forlag saman med Jon Skjerdal og var forlagssjef fram til 2012, då han gjekk over i ei stilling som seniorredaktør.

Han har elles vore aktiv arrangør av musikkfestivalar som Tinghusrock, Fjordrock og Balejazz.

Gift med Janne Nes og far til Silje Nes.