| | |
| Fakta om Luster | |
|---|---|
| Areal: 2702 km² (større enn Vestfold. 15 % av arealet i Sogn og Fjordane fylke). | |
| Folketal: 5041 (1.1. 2013) | |
| Høgste fjell: Store Skagastølstind, 2405 m.o.h, høgste fjellet i Sogn og Fjordane. I Luster er det 40 fjelltoppar som ragar meir enn 2000 meter over havet. | |
| Skjolden ligg i botnen av Lustrafjorden, og herifrå har Sognefjorden sin lengste avstand ut til havet – ei strekning på 204 kilometer. | |
| Ordførar: Ivar Kvalen, Senterpartiet. | |
| Tettstader: Gaupne (kommunesenter), Hafslo, Solvorn, Luster, Skjolden. | |
Luster dekkjer 15 prosent av landvidda i Sogn og Fjordane. Mykje av dette arealet er vill og vakker bré- og fjellnatur, med 40 toppar som ragar over 2000 meter til vers. Det vakre fjell- og fjordlandskapet, saman med ein unik skatt av mellomalder-kyrkjer, mellom dei Urnes stavkyrkje, har gjort Luster til den nest største turistkommunen i fylket, med åtte hotell og over 30 verksemder som driv utleige av hytter og overnattingsrom.
Luster er ein av 23 kommunar i landet som kan smykke seg med tittelen Nasjonalparkkommune, og det er gjort opptak til ei rekkje filmar i Luster.
Med Jostedal- og Fortun-vassdraga er Luster ein av landets største kraftkommunar, og mildt og tørt sommarklima gjev gode vilkår for frukt- og bærdyrking - i gamle dagar også tobakksdyrking i stor stil.
I Luster ligg dei gamle adelsgardane tett, og ein gong i tida var Luster eige len. På det gamle herresetet Kroken samlast kunstnarane, og på den einbølte Harastølen låg eitt av dei største tuberkulosesjukehusa i landet.
Luster er eit eventyrrike for dei som elskar fjell og bréar, og naturperler finn du i fleng. Dette biletet er teke på vegen inn til Tungestølen. Vi ser Nystølen med Langedalen og Langedalsbréen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.