Myklebust Ungdomslag

Ungdomshuset på Myklebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset på Myklebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Myklebust Ungdomslag vart skipa i 1899. Også i Sanddal vart det skipa eit ungdomslag omlag på same tid, men skipingsåret er ikkje kjent. Nikolai Astrup måla fane til begge desse ungdomslaga.

I Sanddal nyttar ein no den nedlagde skulen som forsamlingshus for bygda.