| | |
| Fakta om Naustdal | |
|---|---|
| Areal: 369 km² | |
| Folketal: 2687 (1.1. 2011) | |
| Høgste fjell: Sandfjellet 1250 m.o.h. | |
| Ordførar: Håkon Myrvang, Arbeidarpartiet | |
| Tettstader: Naustdal, kommunesenter | |
Dei tre Eiliv’ane frå naustdalsætta var mektige adelsmenn i mellomalderen, og den gamle steinkyrkja som vart riven i 1890, stod truleg i tunet på storgarden til ætta. Like ved er det funne merke etter store naust for leidangskipa.
Vevring og Naustdal vart eitt av dei viktigaste sentra for haugianarane på Vestlandet, og landskjende lekpredikantar kom frå desse bygdene.
Få idrettslag i fylket har fostra så mange idrettsfolk på nasjonalt toppnivå som Tambarskjelvar i Naustdal. Hekkeløparen Håkon Fimland og Stian Grimseth og andre vektløftarar har vore grossistar i nasjonale meisterskapstitlar, og volleyballjentene har sanka gull og ære.
Dei særmerkte biletkunstnarane Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim har vakse opp i Naustdal, og i Vevring skipar bygdefolket årleg til ei kunstmønstring som vekkjer nasjonal merksemd.
Les og om den store ulven som vart felt inst i Naustedalen i 1950.
Naustdal sentrum med kyrkja, elva Nausta i framgrunnen, Førdefjorden og dei majestetiske Heilevangstaurane på andre sida av fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.