Niels Norman

Niels Norman (1770-1836), busett på Leikanger. Prest og folkeopplysar. Sokneprest på Senja i 1803. Sokneprest i Leikanger 1816-1822, og same stilling i Asker 1822-1836.

I dei seks åra han var sokneprest i Leikanger, gjorde han ein stor innsats i skuleverket. Han fekk kjøpt inn bøker og tavler og utdanna sjølv fleire lærarar. Han sette tilsynsmenn inn i kvar krins, der dei hadde fullmakt til å bøteleggje foreldre som ikkje sende ungane sine til skulen.

Norman skaffa Leikanger den første boksamlinga i 1821, og planta ein stor fruktgard på prestegarden.