Nils Torbjørnson Ylvisaker

Nils Torbjørnson Ylvisaker (1832-1877) frå Fardal, busett i Sogndal og USA. Lærar og misjonsmann. Arbeidde som lærar og kyrkjesongar i heimbygda. Gjennom svigerfaren Herman Hundere og Eirik Vinjum på Hafslo fekk han kontakt med tilhengarane av Hans Nielsen Hauge, haugianarane, i Sogn. Ved sida av Svanøy i Sunnfjord, hadde desse her i fylket sitt sterkaste feste i Luster-bygdene.

I 1855 fekk Ylvisaker skipa Sogndals missionsforening, som fekk 87 medlemer frå starten. Han reiste også vide omkring som emissær.

Vart tilsett i Det norske misjonsselskap i 1861, flytta til Trondheim og kjøpte seg gard like ved byen. I 1868 reiste han til Amerika og vart prest i Den norske synode i Red Wing, Minnesota.

Bror til Johannes Torbjørnson Ylvisåker.