Nomil IKS

Ein av bilane til NOMIL. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein av bilane til NOMIL. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Avfallsanlegget Ivahola. Foto: Atle Løkken, NRK.

Avfallsanlegget Ivahola. Foto: Atle Løkken, NRK.

Nomil IKS (Nordfjord Miljøverk) vart starta som interkommunalt eigd renovasjonsselskap av Nordfjord-kommunane – med unntak av Vågsøy – i 1996.

Selskapet har seks tilsette, hovudkontor på Sandane, og deponerer avfall i det store avfallsanlegget Ivahola på sørsida av Gloppefjorden.

Olav Tenden Transport A/S i Stryn hadde i mange år avtale med Nomil om avfallstransporten. I 2002 vart dotterselskapet Retura Nomil skipa for innsamling av spesielle typar avfall, men dette selskapet vart etter få år avvikla som eige selskap.

I 2011 flytta Nomil anlegget sitt frå Ivahola til Eidsmona.

Den 1.1. 2012 kom Vågsøy med i Nordfjord Miljøverk, som dermed tek mot avfall frå heile Nordfjord.