Oppdrett i Gulen

Oppdrettsanlegg ved Lyngholmen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegg ved Lyngholmen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulen kommune er ein av dei verkeleg store oppdrettskommunane på Vestlandet, med ei mengd konsesjonar. Her som elles starta det med lokale pionerar alt tidleg på 1960-talet.

Men på slutten av 1980-talet vart oppdrettsanlegga i Gulen sterkt plaga med sjukdom - særleg ILA (infeksiøs lakseanemi) - og fylgjande bandlegging av anlegga. Samstundes kom overproduksjon og marknadsproblem i oppdrettsnæringa generelt, og Fiskeoppdretternes Salgslag gjekk konkurs. For mange lokale oppdrettarar enda det difor med konkursar og tvangssal.

Oppdrettsanlegg i Gulen. Foto: NRK.

Oppdrettsanlegg i Gulen. Foto: NRK.

Mange oppdrettarar I Gulen som tapte anlegga sine i denne perioden, meinte at mykje av oppdrettsnæringa i kommunen framleis hadde vore på lokale hender dersom bankane hadde vore meir tolmodige og ikkje sendt gjeldstyngde oppdrettsanlegg til skifteretten.

I 2002 er det dei heilt store aktørane som dominerer næringa i Gulen: Firda Sjøfarmer AS ved Ola Braanaas i Florø, Fjord Seafood/Domstein Salmon (Domstein-konsernet), Pan Fish og det lokale selskapet Aqua Farms med base i Brekke.

Bergelaks på Byrknesøy

Birger Berge på Byrknesøy var ein av dei første som starta med oppdrett i Sogn og Fjordane.

Slettevoll med regnbogeaure

Brørne Erling og Birger Slettevoll starta midt på 1960-talet oppdrett av regnbogeaure i ei merde på Byrknes.

Arne Eilertsen og Vestdrett

- oppdrettsanlegg på Byrknes starta i 1970.

Randal Fiskeoppdrett

vart starta i 1970 av Håkon Randal og sonen Harald Randal.

Uthaug Fisk oppdrettsanlegg

starta på Byrknesøy i 1972.

Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke

er eitt av dei store oppdrettsselskapa i Noreg med ei omsetning i 2001 på 221 millionar kroner og vel 80 tilsette.

Risnefisk AS

– sjå artikkelen Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke.

Risnelaks

– sjå artikkelen Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke.

Sætrefisk

– sjå artikkelen Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke.

Fjordfisk

– sjå artikkelen Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke.

Merkelaks AS

– sjå artikkelen Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke.

Slakteriet Brekke AS

– sjå artikkelen Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke.


Kokksøylaks

starta i 1975 av Hilmar Kråkenes.

Ove Unneland og Pan Fish

Asbjørn Tunsberg og Ove Unneland starta lakseoppdrett på Tunsberg ved Ånnelandsundet i 1982. I 1988 skilde dei lag.

Gulengruppen

– sjå Ove Unneland og Pan Fish.

Stolt Seafarms AS

– sjå Ove Unneland og Pan Fish.


Dingja Fiskeoppdrett

vart starta i Dingja i 1982 av Ole Steinset.

Gullaks AS

i Eivindvik vart starta i 1983 av lensmann Olav Bøe.

Øylaks

oppdrettsanlegg på Byrknesøy.

Åra Laks

AS Åra Laks vart starta på øya Åra sør for Byrknes i 1985 av Hilmar Larsen og Magnar Slettevoll.

Mjømna Fiskeoppdrett AS

vart starta i 1985 av Sissel Mjømen og Lyder Mjømen. Dei dreiv til 1989, men vart hardt råka av sjukdom på fisken. Selskapet vart slege konkurs og ikkje teke opp att.

Kvernvågvatnet Klekkeri

på Mjømna vart starta i 1985 av Arve Mjømen og Jan Johannessen. Dei dreiv klekkeriet til 1988, men gjekk konkurs då ILA-sjukdomen slo til i Gulen. Setjefiskanlegget i Mjømna vart bandlagt, og sjukdomen skapte store problem for oppdrettsnæringa i kommunen i lang tid.

Torskeoppdrett i Gulen

Heilt frå midten på 1980-talet har fleire gjort forsøk med torskeoppdrett i Gulen.

Les meir om: Fiskeri og oppdrett i Gulen.

Oppdrettsanlegg ved Mjømna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Oppdrettsanlegg ved Mjømna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.